Nyheter
Kystverket utøver opsjon
Publisert: 22.12.2011
I går signerte Kystverket og Fitjar Mekaniske AS ei kontrakt på om lag 145 millionar kroner for bygging av eit nytt kystverkfartøy. Verftet er allereie godt i gong med det første fartøyet til etaten, og det er ein opsjon på eit fartøy nummer to som no er løyst ut.
Det er ikkje meir enn ei veke sidan Stortinget fatta vedtak om å auke Kystverket sin bestillingsfullmakt, slik at prosessen med å få på plass dette hovudfartøyet kunne iverksettast.
– Dette er sjølvsagt ein gledens dag. Vi er glade for at vi fekk moglegheita til å løyse ut denne opsjonen på eit fartøy nummer to frå Fitjar Mekaniske. Fartøya er viktige arbeidsverktøy som gjev oss moglegheita til å løyse oppgåvene vi har på ein best mogleg måte. Dei er dessutan ein viktig del av den statlege oljevernberedskapen, seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik, som og er nøgd med at den signerte kontrakta inneber at Kystverket er i rute med sin plan for fartøyfornying.
– Det betyr dessutan at vi held framdrifta i høve Norsk transportplan (NTP 2010–2019), som seier at vi skal ha ytterlegare tre fartøy i denne NTP-perioden, seier ho.
Det nye multifunksjonelle hovudfartøyet skal vere klart i mars 2013. Det skal heite OV "Skomvær", og er altså systerfarty til OV "Utvær" som blir ferdigstilt av Fitjar Mekaniske i løpet av våren 2012.
Dagleg leiar Sven Martin Tønnessen i Kystverket Rederi er sjølvsagt også tilfreds med at hovudfartøy nummer to no blir realisert i høve fartøyfornyingsplanen.
Han framhevar også at det nye fartyet er med på å styrkje den statlege oljevernberedskapen.
– Det har med seg oljeverneigenskapane frå dei eksisterande fartøya våre. I tillegg har det heilt nye oljeverneigenskaper, samt kraftig forbetra kapasitet. I samband med oljeverns- og redningsaksjonar vil responskapasiteten i praksis vere dobla. Det mest iaugefallende vil likevel vere det integrerte og moderne oppsamlingsutstyret, fortel han.
Han beskriv det komande hovudfartøyet som fleksibelt, miljøvenleg og sikkert.
– Det vil ivareta mannskapet sine behov både i forhold til komfort, HMS og arbeidsforhold. Vi har lenge hatt noko tilårskomne fartøy til å løyse oppgåvene våre. Det at vi no er godt i gong med denne fornyinga er med på å gjere Kystverket til ein meir truverdig og attraktiv arbeidsplass, meiner Tønnessen.
Relaterte artikler
-
Ny kontrakt til Fitjar Mek.
06.12.2016 -
Kontrakt til Fitjar Mek.
30.05.2016 -
Storkontrakt til Fitjar Mek
12.11.2015 -
Ny kontrakt til Fitjar Mek.
21.08.2015 -
Fitjar Mekaniske skal levere kystverkfartøy
29.12.2010