Langvarige kontraktar for fleire skip

Publisert: 11.03.2020
island-commander_s.jpg
Island Commander er eit av fleire skip som er sikra langvarig arbeid. Foto: Island Offshore
Island Offshore har siste månaden sikra langvarig arbeid for fleire av forsyningsskipa sine.

Dei to gassdrivne plattform forsyningsskipa Island Crusader og Island Contender, samt eit tredje søsterskip Island Commander, har fått kontraktar med oljeselskapet Lundin Norway. Dei to førstnevnte for ei periode på henholdsvis 600 og 400 dagar, medan Island Commander kan sjå fram i ei kontrakt på heile tre år. I tillegg kjem opsjonar om forlenging for alle tre fartøya. Det er reiarlaget som melder dette i eit presseskriv.

Sikrar stabile inntekter
– Det er lenge sidan vi har sett kontrakter av ei slik varigheit, og difor er det ekstra kjekt å kunne signere for tre fartøy på ein gong. Dette gir ein forutsigbar arbeidskvardag for dei tilsette om bord, og sikrar oss stabile inntekter på skipa våre, seier ein nøgd administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.

Oppstart på arbeidet vil vere mellom april og august i år for dei to gassdrivne fartøya, medan Island Commander tek til på ny kontrakt i november. Island Crusader skal vere støtteskip for riggen West Bollsta, og har fått 10 brønnar fast, medan Island Contender skal vere støttefartøy for Rowan Viking og har sikra seg 7 brønnar fast. Island Commander skal halde fram med å støtte boreaktiviteten på Edvard Grieg, slik ho gjer i dag.

Forlengingar
Reiarlaget har også sikra eit års forlenging av eksisterande kontrakt for forsyningsskipet Island Champion. Ein langsiktig relasjon til kunden Team Marine strekkjer seg heilt tilbake til 2007:

– Skip og mannskap har levert høg kvalitet i ei årrekke med særs gode tilbakemeldingar frå kunden. Vi er stolte og glade over å ha sikra forlengelse for Island Champion, seier Walaunet.

I tillegg til desse kontraktane, har Island Offshore sikre nye langsiktige kontraktar til ytterligare to forsyningsskip. Også desse tildelingane kjem frå langvarige relasjonar med kunde.
– Kontraktane gir samla eit betydeleg bidrag til ordreboka vår og sikrar arbeidsplassar til det dyktige mannskapet vårt, avsluttar Walaunet.


 

Kurt Vadset

Relaterte artikler