Nyheter
Lars Gørvell-Dahll ny styreleiar i Brødrene Aa
Publisert: 01.11.2022
Lars Gørvell-Dahll er vald til ny styreleiar i Brødrene Aa AS. Avtroppande styreleiar, Leif Riksheim, blei samstundes takka av og han gjev frå seg roret etter nærare 30 år bak seg som styreleiar i selskapet. I tillegg til ny styreleiar, tar Stig Rune Aa over som styremedlem etter Ole Matias Aa.
Brødrene Aa Eiendom AS er Aa-familien sitt felles holdingselskap, og største eigar i Brødrene Aa AS.
– At Leif Riksheim ynskjer å gå av er noko vi naturlegvis har forståing for, seier Ole Matias Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa Eiendom.
FORMIDABEL INNSATS
– Leif Riksheim har gjort ein formidabel innsats, og vore ein viktig støttespelar for selskapet og oss som eigarar gjennom tre tiår. Det er vemodig å avslutte eit kapittel, men vi er samstundes svært takksame for innsatsen Leif har lagt ned og verdiane han har vore med på å skape.
Brødrene Aa har dei siste par åra vore gjennom ein utfordrande periode med naturskade, pandemi og generelt lågare etterspurnad etter nybygg. Men no er ordreboka fylt og aktiviteten ved verfta vil bli høg dei komande åra.
KJEND NAMN
Påtroppande styreleiar Lars Gørvell-Dahll er eit kjend namn innan maritim næring. Gørvell-Dahll gjekk nyleg av som bransjesjef for Maritim Bransjeforeining i NHO, ei stilling han hadde i åtte år. Før dette kan han sjå tilbake på ei lang karriere i sentrale leiarroller i mellom anna Kongsberg-gruppa og tidlegare Kværner.
– Styreleiarvervet i Brødrene Aa er noko av det mest spennande og utfordrande ein kan ha i norsk maritim industri, seier Gørvell-Dahll.
– Verftet kan skilte med fleire nyvinningar og har vist ein imponerande evne til å realisere ny teknologi og konsept. Ikkje minst innan låg og nullutslepp har verftet synt veg. Eg ser fram til å bli med på denne reisa vidare.
Brødrene Aa Eiendom AS er største eigar i Brødrene Aa AS med 60 prosent av aksjane. CKS Invest Norway eig den andre posten på 40 prosent.
Brødrene Aa AS

- Brødrene Aa AS har ei historie som strekker seg 75 år tilbake i tid.
- Selskapet er i dag verdsleiande innan konstruksjon og bygging av hurtiggåande båtar i karbonfiber.
- Selskapet sitt hovudkontor og -verft ligg i Hyen i Sogn og Fjordane, med aktivitet i Bergen, Eikefjord, Sandane og Guangzhou, Kina.
- Brødrene Aa leverte sin fyrste båt i karbonfiber i 2002.
- Teknologi og byggjeteknikk har gjennom åra blitt kontinuerleg vidareutvikla og selskapet har levert eit stort utval fartøy både for den innanlandske og internasjonale marknaden.
- Brødrene Aa AS er eigd av Brødrene Aa Eiendom og CKS Investment Norway.
Relaterte artikler
-
På plass i ny jobb
02.08.2024 -
Ny leder i Maritime Partner
22.03.2023 -
Ny leder ved Havyard i Leirvik
05.01.2021 -
Lederskifte i Torghatten
07.05.2019 -
Egil Ulvan Rederi 100 år
29.04.2019