- Mandarin må inn i vidaregåande skule

Publisert: 03.02.2016


– Nordmenn må bli flinkare i møte med kundane våre i Kina. La opplæring i mandarin bli eit tilbod i den vidaregåande skulen.

Av Thomas Førde

HAUGESUND: Det er  stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) som kom med dette utspelet under Haugesund-konferansen.

– Kvifor tilbyr ikkje Ulstein vidaregåande skule dette. Næringslivet i bygda har jo mange og store kundar i Kina.

Me har i dag ein skrikandne mangel på nordmenn og kvinner som kan mandarin og som har kinesisk kulturforståing, seier Botten.

Ho har nyleg vore på reise i Kina og sett behovet.

– I Shanghai blei me til dømes oversett av taxisjåførane dersom ingen i reisefølget kunne gjera seg forstått på mandarin, seier Botten som også peikar på mange ulike haldningar og skikkar som er ulike i Norge og i Kina.

– Kinesarne forventar at delegasjonar frå Norge skal koma på besøk og bli over helga og bli introdusert for familie og venner av kundane våre. Den norske skikken er derimot at ein vil vera på forretningsreise midt i veka og koma seg heim før helga. I Kina er det omvendt, eier Botten som peikar på at  under besøk hos kundar heime i familien blir det enda viktigare å kunne språket.

– Sjølv om mandarin er vanskeleg for oss å læra, vil unge menneske takla dette dersom dei får tilbod om god og intensiv opplæring, seier stortingsrepresentanten sm er medlem av næringskomiteen.

Ved nokre vidaregåande skular i Norge er det prøvd med tilbod om oppplæring i mandarin.

– Det er gjort i  Molde, men berre som eit tilbod med ein eller to timars undervising i veka. Det blir for lite når ein skal læra eit nytt og svært annleis språk.

Kvifor ikkje tilby eit intensivt sommarkurs over  to månader. Eg oppmoar vidaregåande skular som Ulstein til å prøva dette, seier Else-May Botten.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler