Nyheter
Mange vegar til fagbrev
Etter tolv år i hotellbransjen fekk han vidaregåande opplæring og tok fagbrev som røyrleggjar. Nå har han fast jobb i verftsindustrien.
Koronapandemien med nedstenging av samfunnet blei tøff for hotell- og restaurantbransjen. Julian Fontana arbeidde som ansvarleg for kurs og konferansar ved eit større hotell. Under koronatida vart han brått arbeidslaus.
Hos NAV fekk han råd og hjelp til vidare utdanning, som kunne føra han inn på vegen mot eit nytt yrke. På denne tida vart det oppretta eit pilotprosjekt ved Åkrehamn vidaregåande skule i Karmøy. Denne skulen var tidleg ute under koronapandemien med å etablera eit opplæringstilbod for vaksne utan fagbrev.
Allereie hausten 2020 starta skulen eit praksisnært og fleksibelt tilbod retta mot permitterte og arbeidsledige vaksne. Tilbodet vart utvikla i samarbeid med NAV og gav deltakarane høve til å få kartlagt realkompetansen sin, kombinera teori og praksis og arbeida målretta mot fagbrev eller annan yrkeskompetanse.
Julian Fontana starta i 2020 på dette modulbaserte utdanningstilbodet. Gjennom opplegget kunne han ta VG1, Teknologi- og industrifag (TIF), i løpet av seks månader og deretter VG2 på sju til åtte månader, før han kunne starta læretida fram mot fagbrev.
MANGE EKSAMENAR PÅ KORT TID
Parallelt med yrkesfagleg undervisning måtte han følgja undervisning i basisfaga norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag ved ein annan vidaregåande skule, Karmsund vidaregåande skule i Haugesund.
Fontana, som er fødd og oppvaksen i Spania, hadde fullført vidaregåande skule der, men mangla fagbrev. Julian fortel at det komprimerte utdanningsløpet han gjennomførte, var svært krevjande med mange fag og eksamenar på kort tid.
– Eg hadde som målsetjing å stå i basisfaga, og det greidde eg.
Då teoriundervisninga var gjennomført, fekk han tilbod om læreplass ved Aibel sitt verft i Haugesund. Praksisperioden, eller yrkesfagleg fordjuping under tida på VG2, fekk han også hos Aibel.
Overgangen frå hotellbransjen, der han hadde arbeidd som servitør og seinare som ansvarleg for kurs og konferansar, var stor. For halvtanna år sidan gjennomførte han fagprøva i røyrleggjarfaget og har sidan hatt fast jobb hos Aibel.
– Eg trivst svært godt blant dei nye kollegaene mine. Dei er hjelpsame og stiller opp dersom det er noko eg lurer på. Det same gjeld leiarane mine, seier Julian. Han legg til at dette er eit fag han kjem til å halda fram i.
YRKESFAG ER POP
Ved Åkrehamn vidaregåande skule i Karmøy fekk også Rakel Bjerga grunnlaget for si yrkesutdanning. Rakel er nå førsteårslærling i automasjonsfaget hos Aibel i Haugesund.
Rakel fortel at ho var skulelei det siste året på ungdomsskulen. Dei fleste veninnene hennar valde å søkje seg til studiespesialisering.
– Mora mi tilrådde at eg burde prøva noko anna. Eg besøkte Åkrehamn vidaregåande skule og snakka med eit par veninner, som hadde gått der på studieretninga automasjon. Då vart eg overtydd om at dette kunne vere det rette for meg.
Rakel gjennomførte tre år ved denne vidaregåande skulen på Karmøy. Det første året, VG1, heitte studieretninga elektro- og datateknologi. Dei to neste åra var retta mot automasjon. I løpet av det tredje året var Rakel utplassert hos Aibel i Haugesund. Etter at ho var ferdig med tre år i vidaregåande skule, fekk ho læreplass ved verftet.
– Yrkesfag er blitt både stort og populært blant unge, seier Ellen Tvergrov. Ho har hovudansvaret for alle lærlingane hos Aibel i Haugesund. Tvergrov legg til at Aibel nå har ni automasjonslærlingar som starta i fjor sommar, medan tolv lærlingar er i gang med sitt andre år i lære i dette faget.
SKULELEI, MEN FEKK NY GIV
– Me reiser rundt til vidaregåande skular i distriktet og til mange ungdomsskular for å vise fram ulike fag og læreplassar. Ofte er lærlingambassadørar frå verftet med på skulebesøk. Søkinga til læreplassane våre er jamt over svært god, seier Tvergrov.
I 2025 tok Aibel i Haugesund inn 50 nye lærlingar. Året før tok dei inn 60.
– Dersom du er lei av skulebenken med berre teorifag, er dette utdanningsløpet midt i blinken. Utdanninga inneheld ein god kombinasjon av teori og praksis. Det siste året på skulen er det mest praksis – berre programfag og kroppsøving er tradisjonelle skulefag, seier Rakel.
Ho skal ta fagprøva om eitt år og arbeider nå med bygginga av den store prosessplattforma Munin, som skal installerast på Yggdrasil-feltet. Om bord i Munin er Rakel mellom anna med på å byggje kabelgater og teste kablar. Ho håpar å få fast jobb ved verftet etter fagprøva, og på sikt ønskjer ho å få prøvd seg offshore.
– Seinare kan det bli meir utdanning. Litt studentliv hadde òg vore kjekt å få med seg.
NORGESMEISTER I SVEIS
– Er du i tvil om kva yrkesfagleg linje du skal velja, er TIF eit trygt val. Då har du mange moglegheiter vidare.
Det seier Joachim Bjelland Birkeland. Han er faglært sveisar og har fast jobb hos Aibel. Samstundes understrekar Joachim at interesse for faget må liggje i botn når ein skal velje yrkesveg.
Joachim er ingen kven som helst i sveisefaget. I 2025 vart han norgesmeister i Yrkes-NM og kvalifiserte seg dermed til å delta i europameisterskapen. Denne blei arrangert i Herning i Danmark.
Alt medan han gjekk på ungdomsskulen, visste Joachim at han ville bli sveisar. Etter to år på Haugaland vidaregåande i Haugesund, fekk han læreplass hos Aibel i 2018.
– Eg har vore på jobb for Aibel mange stader, fortel Joachim, og nemner mellom anna Melkøya ved Hammerfest, Mongstad i Nordhordland og Kårstø i Tysvær. I periodar på jobb utanfor verftet, har han hatt turnus med 14 dagar på jobb og tre veker fri.
Det kjem godt med når han har mykje som skal gjerast heime, der han mellom anna pussar opp eit eldre bustadhus.
VARIERT YRKE
– Men eg treng ikkje reise langt for å få variasjon i arbeidskvardagen. Inne på verftsområdet er det mange ulike arbeidsmiljø, verkstadhallar, prosjekt og oppgåver.
No arbeider Joachim på ei stor omformarplattform som verftet skal utrusta for teneste i vindparken Hornsea Link 2 i britisk del av Nordsjøen. Då me møtte han, skulle sjøfesta under plattforma fjernast etter at stålstrukturen kom sjøvegen til Haugesund frå Aibel sitt verft i Thailand.
Utandørs arbeid i all slags ver syter ikkje Joachim med: – Frisk luft har aldri vore skadeleg, seier meistersveisaren.
KAMERATGJENG OM BORD
– Gjengen om bord på Viking Lady er som ein stor familie. Eg stortrivst i denne gjengen, seier Tomas Dale. Han går i lære som skipselektrikar hos reiarlaget Eidesvik Offshore og har fått opplæring om bord i to svært ulike skip.
Først var han om bord i Viking Neptun, eit stort fartøy med rundt 80 personar om bord. Skipet blir brukt til legging av kabel på havbotnen og utfører slike oppdrag verda over. Tomas fortel at han mellom anna var to gonger i Virginia i USA med dette skipet.
For tida er han om bord i forsyningsskipet Viking Lady, som går i fast rute mellom forsyningsbasen i Sandnessjøen og ulike installasjonar og plattformer utanfor Helgelandskysten. Viking Lady er mykje mindre enn Viking Neptun og mannskapet tel 15 personar.
BRANSJEN VIL HA FLEIRE
– Det er eit ungt mannskap og ein flott kameratgjeng. Det er dessutan særs dyktige elektrikarar om bord, som eg lærer mykje av. Fagprøva skal eg etter planen ta til sommaren.
Tomas bestemte seg tidleg for at han ville til sjøs. Far hans har segla som chief og han tilrådde sonen å velje eit maritimt yrke. Etter ungdomsskulen starta Tomas på ei treårig utdanning ved Karmsund vidaregåande skule i Haugesund.
Første året gjekk han VG1 elektro, og andre året VG2 elektro. I tredje klasse spesialiserte han seg innan maritim elektro på VG3. Etter tre år på vidaregåande skule er læretida for skipselektrikarar to år.
– Etter VG3 var eg usikker på kvar eg ville vera i læretida. Eg vurderte ei stund borerigg. Men etter å ha besøkt fleire reiarlag valde eg Eidesvik, som gav eit svært godt inntrykk, seier Tomas.
Han vil tilrå fleire å søkja seg til denne utdanninga.
– Bransjen skrik etter fleire skipselektrikarar. Dessutan er arbeidsmiljøet om bord framifrå, seier Tomas, som har fire veker fri etter kvar firevekersperiode om bord.
I friperiodane nyttar han høve til å arbeide for eit lokalt elektrikarfirma.
TAKLAR SJØSYKJA
Andrine er matroslærling og var til sjøs gjennom heile jule- og nyårshelga. Då me skulle intervjue henne, var ho på Valhall-feltet i Nordsjøen, så langt frå land at ho var utanfor mobildekning. Intervjuet måtte difor gjerast via Messenger.
– Julefeiringa blei annleis enn det eg er van med, men me hadde ein koseleg julaftan om bord og fekk god mat.
Som matroslærling arbeider Andrine ofte ute på dekk, der det skjer lasting og lossing av containerar mellom skip og oljeplattform. Ho deltek òg i ymse vedlikehaldsarbeid om bord.
Då me snakka med henne, vart det meldt storm med sju meter signifikant bølgjehøgd, og dekket måtte stengjast.
– Korleis har du takla sjøsjuka?
– Når det blir meldt dårleg ver, har eg teke sjøsjuketablettar. Det har gått fint så langt. Eg merkar at eg toler meir sjø og bølgjer nå enn i starten.
EINASTE JENTE OM BORD
Forsyningsskipet NS Frayja, som Andrine er om bord i, går i nærast fast rute mellom forsyningsbasen i Tananger, Valhall-feltet og andre installasjonar i Nordsjøen. Ho skal vera eitt år om bord i dette skipet før ho byter til eit anna fartøy i reiarlaget Eidesvik Offshore.
Om bord i NS Frayja er Andrine einaste jente.
– Det går heilt fint. Yrke til sjøs kan eg absolutt tilrå andre unge jenter, seier Andrine.
Ho bestemte seg alt i 10. klasse for at ho ville til sjøs etter å ha vore på besøk og blitt inspirert om bord i skuleskipet Gann.
Første året etter ungdomsskulen gjekk Andrine VG1, TIF, ved Karmsund vidaregåande i Haugesund. VG2 tok ho på den flytande vidaregåande skulen, skuleskipet Gann.
– Der var me mange jenter, og me reiste på tokt både i inn- og utland. Året på Gann vart ei oppleving for livet. Ein bur saman med kjekke folk, nesten som i ein stor familie.
– Eg anbefaler Gann til alle eg kjenner som vil utdanna seg denne vegen.
Relaterte artikler
-
Per Sævik fyller 85 [+]
15.12.2025 -
-
Maritimt trainee-tilbod i toppklasse [+]
30.08.2024 -
Proff Kulde kjøper sveisebedrift [+]
20.06.2023 -
Derfor nekter han å gi opp [+]
03.03.2023 -
Havila Shipping utdannar matrosar [+]
03.11.2022 -
Odfjell ble Årets Maritime Lærebedrift [+]
02.06.2021 -
Passerer 100 millioner og utvider [+]
31.05.2021 -
Skapte sine eigne arbeidsplassar [+]
21.05.2021 -
Opptur med prøvetur på ‘Nexans Aurora’ [+]
07.05.2021 -
Frøy Hild seiler i vesterled [+]
09.03.2021 -
Harald har gått gradene til skipsfører [+]
28.01.2021 -
Theodora Elise valgte maskinen [+]
14.01.2021 -
Egil Ulvan Rederi 100 år [+]
29.04.2019 -
Astrid Helene uten lyd og lukt [+]
25.04.2018 -
Lærlinger bygde og døpte Vard-båt [+]
07.07.2017 -
– Dugnad for læreplasser til sjøs. [+]
24.09.2015 -
Ny sjef for Nor-Shipping [+]
13.05.2015 -
Normand Vision døpt [+]
02.07.2014 -
Bergensfjord døpt [+]
06.03.2014 -
Fire ferger døpt ved Fiskerstrand [+]
15.11.2013 -
Jomfrutur med verdas største gassferge [+]
04.01.2012 -
Ledig på Hurtigruten [+]
16.04.2010