Maritimt trainee-tilbod i toppklasse

Publisert: 30.08.2024
Den som ser føre seg ei framtid som maritim leiar, får no tilbod om 18 månaders trainee-opplæring i Havilagruppa i kombinasjon med Rederiforbundet sine programmodular rundt i heile verda. 

Rederiforbundet har over tid satsa på traineeprogrammet der dei kvart år har gitt ei gruppe ungdomar maritim kunnskap på tvers av havnæringane i samarbeid med ulike selskap i næringa. Dette er ungdomar som nettopp er ferdige med ei mastergrad. I tillegg opnar trainee-programmet også for kandidatar med mastergrad og inntil fem års arbeidserfraing.   

For første gong tilbyr Havilagruppa no dette løpet der trainee-en skal få oversikt og innblikk i ei rekke av selskapa og avdelingane i konsernet. 

KICK-START PÅ MARITIM KARRIERE
Dagleg leiar i Havila Service seier dei alltid er på jakt etter gode folk som kan bli ein del av Havilagruppa.

– Vi ser på ordninga med Maritime Trainee i samarbeid med Rederiforbundet som ein sjanse til å knyte til oss det som kan bli framtidas maritime leiarar, og håper på mange gode søkarar.
Pettersen fortel dei byr på fast stilling frå første dag og passande rolle når trainee-perioden er over. Du får mentor og nettverk, personleg og fagleg utvikling i eit selskap med lokal forankring og drift over heile verda
.
SVÆRT SPENNANDE 
–  Dette programmet vil gi den rette kandidaten ein kick-start på ein maritim karriere, og med den store breidda i Havilagruppa meiner vi at vi kan tilby eit svært spennande trainee-opphald.
Søknadsfrist er i haust medan oppstart er hausten 2025 og etter nærare avtale. 
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler