Nyheter
Markering av brennestart for CSOV til Acta Marine
                                            Publisert: 19.01.2023
                                        
                                    Brennestarten er det offisielle startskotet for bygginga det første av to metanoldrivne DP2-havvindstøtteskip av typen CSOV (Construction Service Operating Vessels) for Acta Marine. Foto: Acta Marine
                                    
                                        Markeringa av brennestarten til det første av to metanoldrivne (MDO/HVO), DP2-havvindstøtteskip av typen CSOV (Construction Service Operating Vessels for Acta Marine vart arrangert 18. januar 2023 på Tersan-verftet. SX216-designet til fartøyet er utvikla i nært samarbeid med Ulstein Design & Solutions AS.
Brennestarten er det offisielle startskotet for bygginga ved verftet. Dei 89 meter lange fartøya vil vera utstyrte med ei rørslekompensert kran frå SMST og ein rørslekompensert gangveg for sikker personelloverføring i signifikant bølgjehøgde opp til 3,0 meter. Skipa har innreiing for opptil 135 personar. Fartøya har eit batterilagringssystem som gir ytterlegare energieffektivitet og CO2-reduksjon.
FLEIRE UNIKE EIGENSKAPAR
Desse fartøya er dei første designkontraktane der Ulstein si TWIN X-STERN-løysing vart tatt i bruk. Denne utforminga har fleire unike eigenskapar, men dei viktigaste kjenneteikna til fartøyet er dei to hekkane og hovudpropelleiningane i kvar ende. Kombinasjonen av thrusterar og symmetrisk skrogdesign resulterer i lågare energiforbruk og reduserte rørsler, og dermed høgare operabilitet og komfort. Dette konseptet forbetrar manøvrerbarheita og evna til å halda seg i posisjon. Løysinga gir også redusert støy, betre komfort om bord og potensial for å spare betydelege mengder energi i arbeid.
Designet blir lagt merke til, TWIN X-STERN vart av Offshore Support Journal nyleg nominert til prisen ‘Innovation of the Year Award’, medan CSOV-prosjektet med Acta Marine er nominert til ‘Offshore Renewables Award’.
Saman med det andre CSOV-skipet, som vil følgje tre månader seinare, vil desse toppmoderne fartøya bli lagt til Acta Marine sin flåte frå andre kvartal 2024.
 
Relaterte artikler
- 
    
- 
                                                            Rem Offshore kontraherer fremtidens fartøy21.03.2024
- 
    
- 
                                                            Brennestart for havvindskip02.11.2023
- 
                                                            Vard skal designe og bygge to hybride CSOVs24.10.2023
- 
                                                            Vard med kontrakt på to CSOV-er19.05.2023
- 
                                                            North Star Shipping tilbake til Vard09.05.2023
- 
                                                            Nytt nordnorsk rederi ser mot havvind22.12.2022
- 
                                                            Ulstein designar metanoldrivne havvindfartøy15.06.2022
- 
                                                            HAV Design valgt til metanoldrevet SOV13.05.2022
- 
                                                            Sjøsetting av ny CSOV22.03.2022
- 
                                                            Vard bygger havvind servicefartøy17.04.2020
- 
                                                            I gong med utrustinga av nytt havvindskip10.12.2018
- 
                                                            Nybyggkontrakt til Ulstein Verft07.02.2018
- 
                                                            Ulstein ferdigstiller offshorevindskip16.11.2017
- 
                                                            Første vindservicefartøy sjøsett ved Ulstein28.04.2016
- 
                                                            Verdens første metanolskip døpt18.04.2016
- 
                                                            Esvagt velger Havyard-design08.12.2015
- 
                                                            Esvagt Froude er ankommet Havyard Leirvik20.08.2014
- 
                                                            Havyard bygger hybrid PSV15.04.2014