Nyheter
Mærsk-båt nummer fem overlevert
Dette er den femte av ein serie på seks ankerhandterarar til Maersk Supply Service A/S. Bygd for operasjon på store havdjup er den såkalla Starfishserien utstyrte med ei rekkje nyvinningar, noko som har sikra alle søsterskipa jobb rett etter levering, heiter det i eit presseskriv frå Kleven.
Mærsk Mobiliser er av designtype Salt 200, og har eit ope dekksareal på meir enn 800m2, med 102m2 overbygd dekksareal i tillegg. Ho er også utstyrt med ein ankerhandteringsvinsj på 450 tonn. Denne er plassert i ei lukka garasje slik at mannskap og utstyr er verna for dei røffe omgjevnadane fartøyet tidvis opererer i. Fartøyet har isklasse Ice 1A og er også forberedt for oljeoppsamling. Trekkrafta til fartøyet er målt til 260 tonn.
Mærsk Mobiliser vart døypt under ein enkel seremoni på kaia ved Kleven Verft siste dag i oktober, med Trine Munch Agerskov som gudmor. Fartøyet vil forlate Kleven i løpet av veka for å mobilisere til sin fyrste jobb for ein stor kanadisk operatør som støtteskip for boring, samt halde unna havis i det aktuelle området.
Det siste skipet i serien vil bli levert frå Kleven Verft i slutten av januar 2019.
Relaterte artikler
-
Hurtigruten ansetter 179 nye sjøfolk
23.01.2024 -
Stor dag for Havila Kystruten
02.08.2023 -
TTS Pioneer – rett i jobb
03.05.2022 -
Hurtigruteskipet Lofoten blir skoleskip
26.11.2020 -
Kongsborg døpt i Stavanger
17.06.2013 -
Sjoborg gikk rett fra dåp og ut i jobb
26.03.2012 -
Rett på jobb i Nordsjøen
25.11.2011