Nyheter
Meir arbeid for Island Diligence
                                            Publisert: 12.03.2020
                                        
                                        Island Diligence har sikra seg to walk-to-work kontrakter siste månaden, noko som vil gi båten arbeid til utpå hausten 2020.
Island Diligence er alt komen i arbeid for Trianel i Tyskebukta, der ho utfører gangvegsoperasjonar på ein vindpark kalla Trianel Windpark Borkum II, opplyser Island Offshore i eit presseskriv.
Skipet har kapasitet til å huse 100 personar, og mannskapet på 23 kan forvente nesten full båt under oppdraget for Trianel der teknikarar frå klienten bur om bord. Lengda på kontrakta er dryge 4 månader, pluss opsjonar, og båten vil ha base i Eemshaven, Nederland.
Vidare er kontrakt signert med Global Marine Group for arbeid på Kriegers Flak, ein vindpark utanfor Baltikum, på dansk sektor. Utbyggar er Vattenfall, og vindparken vert Danmarks største når den står ferdig i slutten av 2021. Island Diligence skal bistå som hotellskip, samt med gangvegsoperasjonar i samband med kabellegging på vindparken.
Også her er det venta full båt, med oppstart på seinsommaren. Varigheita på kontrakta er tre månadar, pluss opsjon på ein månad til, og båten vil mobilisere i Grimsby, UK.
Island Diligence er av type UT 717 CDX, og vart levert fra Vard Brevik i 2018. Du kan lese meir om skipet på denne linken.
 
Relaterte artikler
- 
                                                            Vard med kontrakt på to CSOV-er21.07.2025
- 
    
- 
                                                            Vard med kontrakt på fem fartøy21.11.2024
- 
    
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
                                                            Vard skal designe og bygge to hybride CSOVs24.10.2023
- 
                                                            Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein06.07.2023
- 
                                                            North Star Shipping tilbake til Vard09.05.2023
- 
                                                            Hard konkurranse om Veidekkes skip17.03.2021
- 
                                                            Nye offshorekontrakter25.01.2021
- 
                                                            Tildelt oppdrag verdt inntil 1,8 milliarder23.06.2020
- 
                                                            Fin kontraktshaust for Island Offshore23.10.2019
- 
                                                            Flere nye kontrakter til Solstad08.02.2019
- 
                                                            Sikra seg kontrakt på sju år09.07.2018
- 
                                                            Statoil tildeler flere kontrakter13.02.2017
- 
                                                            Nye kontrakter til Golden Energy05.12.2016
- 
                                                            Vard sikrer nye kontrakter27.09.2015
- 
                                                            Kontrakt til Uptime med Ulstein Verft08.04.2015
- 
                                                            DOF sikret store kontrakter16.05.2014
- 
                                                            Kontraktar i fleng til Island Offshore14.03.2014
- 
                                                            Farstadskip sikret mer arbeid21.03.2013
- 
                                                            Nye kontrakter til Solstad21.03.2013
- 
                                                            Havila Shipping sikrer to nye kontrakter26.02.2013
- 
                                                            Siem sikret millionkontrakt29.03.2012
- 
                                                            Havila sikrer nye millionkontrakter22.03.2012
- 
                                                            Havila har sikret nye kontrakter20.08.2009