Nyheter
Miljøkontrakt for åtte nye ferjesamband i Hordaland
Publisert: 31.03.2017
Hordaland fylkeskommune ved Skyss har tildelt kontrakt for åtte nye ferjesamband i Hordaland, går det fram av ei pressemelding. Det vert stilt strenge miljøkrav til dei nye ferjekontraktane, dette inneber ein omfattande reduksjon i CO2-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk. Sambanda er fordelt i tre rutepakkar, og det er inngått ein kontrakt for kvar av rutepakkane.
- Vi er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til i de nye kontraktane, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø. Dei politiske partia i Fylkestinget i Hordaland står samla bak tildelinga.
Fjord1
Rutepakke 2 som omfattar sambanda Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes, Skjersholmane-Ranavik, Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes og Jondal-Tørvikbygd, er tildelt Fjord1. Løysinga inneber høg grad av elektrifisering av samtlege samband i rutepakken.
Wergeland
Kontrakt for rutepakke 4, sambandet Masfjordnes-Duesund, er tildelt Wergeland AS. Wergeland AS legg opp til fullelektrisk løysing på sambandet, med ombygging av dagens fartøy.
Boreal Sjø
Kontrakt for rutepakke 5, med sambanda Skånevik-Matre-Utåker, Kvanndal-Utne og Utne-Kinsarvik, er tildelt Boreal Sjø AS. Også denne løysinga vil gi ein høg grad av elektrifisering av alle sambanda som er omfatta.
Miljøfokus
Dei nye kontraktane for samband i rutepakke 2 og 5 vert starta opp 1. januar 2020, med kontraktslengde på 9+1 år. Rutepakke 4 vert starta opp 1. januar 2019 og har kontraktslengde på 10+1 år.
Karensperiode for tildelinga varar fram til 19. april 2017. Kontraktane vil verte signert etter at karensperioden er over.
Val av miljøløysing på det einskilde samband vil kunne medføre endringar frå dagens tilbod.
- Ved elektrisk drift kan det på einskilde samband verte behov for lengre liggetid ved kai for lading. Rutetider vil bli fastsett for kvart av sambanda i samarbeid mellom operatør og oppdragsgjevar innanfor dei rammene som låg føre i konkurransegrunnlaget, fortel direktør for Skyss, Oddmund Sylta.
Elektrifisering
Hordaland fylkeskommune tildelte i oktober 2016 kontrakt til Fjord1 for sambanda Leirvåg-Sløvåg, Fedje-Sævrøy, Hufthamar-Krokeide, Husavik-Sandvikvåg, Hatvik-Venjaneset, Halhjem-Våge og Langevåg-Buavåg. Også her inneber løysinga høg grad av elektrifisering av samtlege samband i rutepakken.
Forhandlingane for sambanda Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Hjellestad og Fjellbergsambandet er enno ikkje sluttførte og kontrakt for denne rutepakken vil såleis bli tildelt på eit seinare tidspunkt.

Relaterte artikler
-
Havila Kystruten håper på strenge miljøkrav
26.04.2024 -
Miljøvennlig kontrakt til Westcon Yards
20.04.2020 -
Ny start og ny kontrakt for Kleven Verft
20.09.2019 -
Kontrakt på nær 2,3 milliardar til Fjord1
20.09.2018 -
Kystruten kan bli delt på tre rederier
19.09.2017 -
Vant storkontrakt på nye ferjer
09.06.2017