Nyheter
Myklebust Verft skal bygge om Rem Fortune
                                            Publisert: 25.01.2012
                                        
                                    Kleven Maritime skal utføre ei omfattande ombygging av offshorefartøyet Rem Fortune, frå plattform service-fartøy til multifunksjonsfartøy.
Fartøyet ligg no ved Myklebust Verft i Gursken, der det skal få montert ei 100-tonns offshorekran. Ombygginga inkluderer også installering av helikopterdekk, opning av moon-pool, montering av 8-tonns hjelpekran, anti-heeling system, mesanindekk og noko ROV-utrustning. Fartøyet skal vere klart til levering i midten av mars.
Myklebust Verft er eit kombinasjonsverft som satsar både på nybygg og reparasjons- og serviceoppdrag, og aktiviteten ved verftet er svært høg for tida, med fem båtar ved kai. Kleven Maritime har investert 70 millionar kroner i ny dokk som kjem til Myklebust Verft i løpet av våren. Dette er ei strategisk viktig satsing som set verftet i stand til å ta på seg enda større ettermarknadsoppdrag for offshoreindustrien. Dokka kan ta fartøy på opptil 170 meters lengde og 28,5 meters breidde, og har ein løfteevne på 15 000 tonn, noko som er omtrent det doble av dagens kapasitet på Myklebust Verft.
Det er inngått avtale om sal av Rem Fortune frå Rem Offshore ASA til Marine Platforms Ltd.
Relaterte artikler
- 
                                                            Stor ombyggingskontrakt06.06.2025
- 
    
- 
                                                            Enda en ombygging for Green Yard Kleven30.01.2025
- 
    
- 
                                                            Ny offshore-kontrakt for Myklebust Verft21.11.2024
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
                                                            Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt20.11.2023
- 
                                                            Ny kontrakt til Maritime Montering24.02.2023
- 
                                                            Ny Hurtigruten-kontrakt til Myklebust11.10.2021
- 
                                                            Havyard Leirvik AS vinner ombyggingskontrakt06.07.2021
- 
                                                            Kjempekontrakt for Green Yard Kleven16.12.2020
- 
                                                            Ny kontrakt til Myklebust Verft30.01.2020
- 
                                                            Ny ombyggingskontrakt for Kleven Verft31.10.2019
- 
                                                            Ny start og ny kontrakt for Kleven Verft20.09.2019
- 
                                                            Myklebust Verft med ny byggekontrakt19.06.2019
- 
                                                            Myklebust Verft oppgraderer AKOFS Seafarer12.02.2019
- 
                                                            Ombyggingskontrakt til Fjellstrand02.10.2015
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Noryards BMV oppgraderer kystvaktfartøy13.03.2015
- 
                                                            Ombyggingskontrakt til Myklebust Verft28.10.2014
- 
                                                            Ny kontrakt til Fjellstrand10.10.2012
- 
                                                            Myklebust skal bygge to for Atlantic03.07.2012
- 
                                                            Myklebusthaug får nytt skip frå Kleven22.11.2011
