Nyheter
Myklebust Verft skal bygge spansk trålar
                                            Publisert: 18.03.2016
                                        
                                    Kleven har inngått kontrakt med spanske Pesquera Ancora S.L.U. om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar. Fartøyet er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce, og skal leverast frå Myklebust Verft i februar 2018.
– Det er svært hyggeleg og veldig viktig at vi no har fått på plass enda ein fiskebåtkontrakt på Myklebust Verft. Kontrakten stadfestar at vi er konkurransedyktige i ein svært tøff konkurransesituasjon internasjonalt, og det at eit spanske reiarlag kjem til Noreg for å bygge fiskebåt er i seg sjølv oppsiktsvekkande, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.
Myklebust Verft har med dette fire nybygg av samme Rolls-Royce-design i ordreboka; to til DFFU i Tyskland, eit til CDP Saint-Malo & Euronor i Frankrike, og no altså eit til Pesquera Ancora i Spania. I tillegg har verftet to brønnbåtar til Sølvtrans, ein pelagisk trålar/snurpar til danske Gitte Henning og eit konstruksjonsskip til Volstad i ordreboka.
Hekktrålaren får isklasse ICE 1A*, og driftseffektivitet, lave utslepp og komfort og sikkerheit for mannskapet har vore viktige kriterier i utviklinga av fartøyet.
Relaterte artikler
- 
                                                            Ny kontrakt på tråler for Vard03.06.2024
- 
    
- 
    
- 
                                                            Neste generasjons fiskefartøy for Trønderbas01.07.2022
- 
                                                            Har utviklet en helt ny serie fiskefartøy04.05.2021
- 
                                                            Designkontrakt til Skipsteknisk06.11.2020
- 
                                                            Vard skal levere avansert hekktråler29.10.2020
- 
                                                            Tersan skal bygge dansk reketråler17.07.2020
- 
                                                            Skipsteknisk designer ny fabrikktråler12.06.2020
- 
                                                            Ny tråler skal bygges ved Vard Brattvåg12.02.2020
- 
                                                            Alsaker Fjordbruk bestiller ny brønnbåt22.06.2018
- 
                                                            Vard med kontrakt for nytt fiskefartøy24.05.2018
- 
                                                            Vard bygger ny hekktråler10.04.2018
- 
                                                            Havskjer kjøper ny fiskebåt15.02.2018
- 
                                                            Skal designe og bygge syv trålere04.12.2017
- 
                                                            Byggekontrakt til Havyard11.04.2017
- 
                                                            Vard bygger ny pelagisk tråler02.03.2017
- 
                                                            Havfisk kontraherer hos Vard22.02.2016
- 
                                                            Kleven skal bygge to trålarar19.06.2015
- 
                                                            Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard17.12.2013
