Nyheter
National Geographic Resolution er sjøsett
Publisert: 10.06.2021
Etter å ha vore fleire månader ute av syne i dokkhallen ved Ulstein Verft, vart ekspedisjonscruiseskipet National Geographic Resolution til Lindblad Expeditions dokka ut 8. juni 2021. Skipet er designa spesielt for polare farvatn, og er planlagt levert til fjerde kvartal.
Covid-19-pandemien har bremsa den cruisebransjen over heile verda, men ekspedisjonscruiseselskapa har no starta opp att reiseaktiviteten.
I desse tider er det ein vinnarkombinasjon å kunne tilby skip med eit moderat tal passasjerar, kombinert med store fellesområde, og dei reisande er svært ivrige etter å komme tilbake til cruiseturar. Nye skip er i stor grad etterspurte blant passasjerane.
SØSTERSKIP
Polarfartøyet National Geographic Resolution er søsterskip til National Geographic Endurance, som vart levert i 2020. Med Polar Class 5 (PC5) er fartøya i stand til å gå langt inn i polarområda, og dette gjer det mogleg for Lindblad å starte sine polarreiser opp til to veker før dei andre ekspedisjonscruiseskipa.
NØKKELELEMENT
Begge desse skipa er X-BOW®-skip av CX104-designet frå Ulstein Design & Solutions AS.
X-BOW® er eit nøkkelelement i fartøya. Skroget skjer gjennom bølgene og gir dermed ei mjukare reise over røffe havstrekningar, noko som gjer overfarta behageleg for dei 126 passasjerane. Fartøyet er dermed svært eigna for opplevingar til fjerntliggande stader. X-BOW reduserer også sjøsprøyt på dekk, noko som reduserer faren for ising, og mogleggjer observasjonar av vann linja tett inn til skroget, der delfinane likar å leike seg, som følge av designet.
Fartøyet har 69 utvendige lugarar, der dei fleste har balkongar med skyvedører frå golv til tak som gir spektakulær utsikt og rikeleg naturlig lys.
National Geographic Resolution har fått namnet sitt etter den legendariske oppdagaren James Cook. Kaptein Cook var den første som sigla kring Antarktis, kryssa den sørlege polarsirkelen og den første europearen som nådde Hawaii. Han var kaptein på fleire skip i løpet av karrieren, men favoritten var MS Resolution.
MODERNE OG SIKKERT
2021-versjonen av Resolution er ein moderne og sikker plattform for polarutforsking. Skipet er spesialbygd for polarnavigasjon. Dei utvida drivstoff- og vasstankane syter for at skipet kan reise til avsidesliggande område. Som eit fullstabilisert, sterkt forsterka, isklasse Polar Code Category A-fartøy, er skipet designa for å navigere i polare passasjar året rundt og på ein trygg måte kunne utforske ukjente farvatn, samtidig som komforten er eksepsjonell. Skipet kjem til å ha eit komplett utval av ekspedisjonsutstyr og det vil bli tilbode ei rekke opplevingar.
Etter sjøsettinga vil fartøyet gjennomgå avsluttande arbeid på verftet, der spesielt innreiingsarbeidet vil vere det mest omfattande før prøvetursperioden tek til.

Skipet er ein moderne og sikker plattform for polarutforsking. Foto: Ulstein Group / Per Eide Studio
Relaterte artikler
-
Viking Polaris er levert
28.09.2022 -
Vant designkontrakt for ekspedisjonsskip
13.06.2018 -
Polarsyssel døpt på Svalbard
22.09.2014 -
Havyard bygger hybrid PSV
15.04.2014 -
Damen med ny design for arktiske strøk
26.06.2013 -
Stril Polar døpt
10.02.2012