Tilsette tek over Kleven Maritime Technology

Publisert: 15.07.2020 kl. 10.39
Kleven Maritime Technology er et veldrive selskap, som mellom anna har hatt fleire oppdrag for Hurtigruten. Her er både Roald Amundsen og Fridtjof Nansen på plass ved verftet. Foto: Kleven,
Kleven Maritime Technology er et veldrive selskap, som mellom anna har hatt fleire oppdrag for Hurtigruten. Her er både Roald Amundsen og Fridtjof Nansen på plass ved verftet. Foto: Kleven,
Medan Green Yard tar over verftet, har dei tilsette i Kleven Maritime Technology (KMT)  som etter semje med bustyret og Kleven Verft sine finansieringsinstitusjonar inngjekk tilsette i Kleven Maritime Technology (KMT) om å overta selskapet frå konkursbuet.

Alle aktiva i selskapet er løyste ut, og KMT vil drive vidare utan avbrot mot same marknad og med alle driftsmidlar og dokumentarkiv intakt. 

– Selskapet vil halde fram med dei same dyktige tilsette og i den same marknaden som før. Målsettinga til KMT er å auke nedslagsfeltet til bedrifta, og etter kvart auke bemanninga, seier dagleg leiar i KMT,  Trond Liavaag.

VELDRIVE
KMT er eit veldrive selskap med god inntening og gode driftsresultat. Selskapet både har, og har hatt ei stor ekstern kundemasse i tillegg til Kleven Verft. At selskapet vart slege konkurs har ikkje samanheng med drifta av selskapet, men har si årsak i at selskapet KMT inngjekk som del av pantesikkerheit til bankfinansieringa av Kleven Verft. 

Selskapet leverer engineeringtenester innanfor marin elektro- og automasjon. Mellom anna har KMT hatt fleire oppdrag for Hurtigruten i høve ombyggingsprosjekta deira – vidare også ein stor jobb på ein superyacht for den tyske verftsgruppa Lürssen. KMT held til i Ulsteinvik, og har per i dag seks tilsette. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler