Nyheter
No er alle vikingskipa på plass
Den siste ferda er over: No har også Tuneskipet lagt trygt til kai i det nye Vikingtidsmuseet saman med Osebergskipet og Gokstadskipet.
– Det kjennest utruleg godt at vi nå har fått skipa trygt på plass etter mange år med førebuingar og trening. At desse komplekse flytta har gått så bra som dei har gjort, seier mykje om både kompetansen til dei som er med i prosjektet og det gode samarbeidet vi har hatt oss imellom, seier prosjektsjef Lars Christian Gomnæs i Statsbygg.
Osebergskipet segla frå den gamle delen av museet og inn i den nye i september. Gokstadskipet følgde etter i oktober. Denne veka var det Tuneskipet sin tur.
– Flytta er ein heilt sentral del av det store byggeprosjektet vårt på Bygdøy. Det gamle museet oppfyller ikkje krava til korleis desse gamle skipa og andre gjenstandar frå vikingtida skal oppbevarast. Å få skipa over i ein ny klimaregulert bygning med nye støttesystem er avgjerande for å sikre vikingskattane for framtidige generasjonar, seier Gomnæs.
TRE DAGARS FLYTTING
I alt blei skipet flytta 130 meter frå sin tidlegare plassering i den gamle delen av museet. Etter ein tjuvstart på måndag med førebuingar og eit par meter si flytting, blei skipet flytta 115 meter inn i den nye museumsdelen og senka ein etasje ned på tysdag. På sjarmøretappen onsdag blei skipet trekt på hjul eit par meter bort til basen der det skal stillast ut når museet opnar.
Som dei to andre skipa blei Tuneskipet flytta med kranbane i ein stålrigg. Gjennomsnittshastigheita var 24 cm i minuttet bortover og 7 cm nedover.
– Etter to vellykka flytt i tillegg til fleire vellykka testflytt har vi etter kvart fått god erfaring med noko såpass unikt som å flytte vikingskip, og som dei to andre flytta gjekk også dette veldig bra, seier Gomnæs.
FLEIRE FLYTT UTOVER VÅREN
Det nye Vikingtidsmuseet utgjerast av eit nytt sirkelforma bygg, som koplar seg på det eksisterande korsformede bygget, noko som vil tredoble museets utstillingsområde. Etter planen vil Statsbygg ferdigstille det nye museet neste år.
Sjølv om alle tre vikingskipa nå er på plass i den nye museumsdelen, er likevel ikkje flyttinga av kulturskattar på Bygdøy heilt ferdig. I mars og april skal tre sledar frå Oseberg-funnet flyttast. Sledane vil bli flytta på skjener éin og éin med to vekers mellomrom.
Relaterte artikler
-
Svart natt for fartøyvernet [+]
30.01.2026 -
-
Opnar museum for "sjøens stavkyrkje" [+]
16.05.2025 -
Rapporten om Viking Sky-forliset er klar [+]
20.03.2024 -
To skip på to dager fra Havyard Leirvik [+]
25.06.2021 -
Begge fartøyene trygt i havn [+]
09.04.2021 -
Hurtigruteskipet Lofoten blir skoleskip [+]
26.11.2020 -
Viking Sun kåra til Årets velferdsskip [+]
30.10.2020 -
I Vesterled med Eurodam [+]
12.10.2015 -
Hundre år med skipsbygging [+]
03.07.2015 -
Oslofjord klar for seiling [+]
30.05.2014 -
Kongsborg døpt i Stavanger [+]
17.06.2013 -
Seven Viking klar for Nordsjøen [+]
30.01.2013 -
Ulstein leverer ny Viking [+]
30.08.2012