Noreq satsar i Dubai

Publisert: 15.09.2011


Noreq leverer maritimt utstyr til ein global marknad og aukande etterspurnad frå dette området gjer at selskapet no etablerer seg lokalt i Dubai – det viktigaste knutepunktet for forrentningsvirksomhet i Midtausten. Med dette vert Noreq rusta for ytterlegare forbetring av kapasitet og leveringstid ovanfor lokale kundar.

Noreq har vore representert av Chacko John i mange år. Han er no fast tilsett, og ser fram til å kunne tilby rederi, verft og offshoreindustrien dekksutrustning frå Noreq.

– Det er ei glede å kunne presentere vår nye avdeling i ein spanande marknad som er i enorm vekst. Med ein kraftig vekst i shipping, olje og gass industrien er det særs viktig å vere tilstades lokalt som norsk leverandør. Kundar i dette området er oppteken av kvalitetsutstyr og vi ser fram til at vi med lokalt kontor vil kunna gi betre oppfølging til kundane våre, seier dagleg leiar, Styrk Bekkenes, i Noreq AS.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler