Normand Ranger levert frå Ulstein i dag

Publisert: 05.05.2010
normand_ranger2-050510.jpg
Normand Ranger


Normand Ranger blei levert til reiarlaget Solstad Offshore i dag. Ferdigstilling av ankerhandteringsfartøyet har vore ei utfordrande oppgåve. Ulstein Verft har sett inn sin fremste ekspertise og leverer prosjektetetter avtale, skriv Ulstein Verft i ei pressemelding.

Ulstein Verft vann kontrakten med GIEK og Sparebank 1 SR-Bank om ferdigstilling av ankerhandteringsfartøyet i fjor vår. Skipet kom til Ulstein Verft frå det konkursramma Karmsund Maritime Service i august 2009.

- Vi er veldig nøgde med fullføringa og leveringa av Normand Ranger. Ferdigstillinga av fartøyet har gått akkurat så bra som vi forventa då prosjektet landa hos Ulstein Verft, seier reiar Lars Peder Solstad i Solstad Offshore.

- Det er utfordrande å ta over eit halvfabrikkert skip. Vi måtte få kontroll på alt som var gjort, og skaffe oss oversikt over kva leverandørar som framleis var med på prosjektet og komplettere om nødvendig. Samspelet mellom engineering, innkjøp, planlegging og produksjon ved sluttføringa har vore svært viktig. Vi har ein organisasjon som har nødvendig kompetanse og erfaring til å takle slike utfordringar, seier ein stolt administrerande direktør ved Ulstein Verft Karsten Sævik.

Normand Ranger er av typen VS 490 AHTS frå Wärtsilä Ship Design. Det er 91 meter langt, 22 meter breitt, har ei innreiing for 58 personar og ei dødvekt på om lag 4500 tonn. - No er Normand Ranger klar for oppdrag i spotmarknaden i Nordsjøen, ein marknad som heldigvis er på veg i rett retning igjen, fortel Lars Peder Solstad.

.

Normand Ranger er eit kraftig ankerhandteringsfartøy med ei slepekraft på 287 tonn. Skipet er mellom anna utstyrt med Triplex MHD (Multi deck Handler) og Odim ARF (Anchor Recovery Frame) for sikre ankerhanteringsoperasjonar på dekk.

Du kan lese meir om Normand Ranger i Maritimt Magasin nr. 5, som kjem ut ca 20. mai.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler