Nyheter
Norsk flagg skal bli mest ettertrakta
Publisert: 25.09.2015
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen lova under sjøtryggleikskonferansen i Haugesund torsdag at dei norske skipsregistra, NOR og NIS, skal bli så attraktive at dei vil bli føretrekte som register i open internasjonal konkurranse.
Haugesund: Thomas Førde
thomas[a]maritimt.com
Akselsen vil snu den negative utviklinga som har vore dei ti siste åra. Nå er berre 40 prosent av norskkontrollerte skip under norsk flagg. For ti år sidan segla derimot 60 prosent av norskkontrollerte skip under norsk flagg.
Talet på skip som er registerte i det ordinære norske skipsregisteret, NOR, har halde seg stabilt, medan nedgangen har vore stor (20 prosent) i talet på skip i Norsk internasjonalt skipsregister, NIS. Samtidig har den norskeigde flåten vakse sterkt. Men dei norskeigde reiarlaga har i aukande grad registrert skipa sine i utanlandske register slik at nær 1000 norske skip nå seglar under utanlandsk flagg.
60 prosent bør under norsk flagg
Men dette vil Sjøfartsdirektoratet nå snu gjennom ein ny strategi. Akselen lovar:
— Skjerpa haldningar og auka gjennomføringskraft skal innarbeidast i heile organisasjonen. Service og kundefokus skal gi gode grunnar til å flagga norsk. Den teknologiske revolusjonen er undervegs. Dei norske skipsregistra skal kunne tilby dei beste digitale tenestene. Samtidig skal norsk flagg bli det mest attraktive for dei som satsar på innovative skipsløysingar og på miljø- og klimavennlege skip, seier Akselsen. Han held fram som målsetjing at ein skal koma tilbake til at 60 prosent av norskkontrollerte skip seglar under norsk flagg.
—Med ein stor og aukande flåte under norsk flagg vil Norge samtidig få enda større gjennomslagskraft i den internasjonal sjøfartsorganisasjonen, IMO, som utformar krav og regelverk. Norge kan dermed lettare setja dagsorden og kunne fremja utvikling av effektive og grøn skipsfart, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.
Fleire skal kunne bruka NIS—flagg
Regjeringa vil også auka talet på sip som blir registerte i NIS. Høgres skipsfartspolitiske talsmann og leiar av arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Arve Kambe, peika i sitt foredrag under sjøtryggleikskonferansen på at eit viktig tiltak er oppmjuking av fartsområdeavgrensingane for skip som kan registrerast i NIS. Regjeringa har laga føresegner for denne endringa. Føresegnene skal nå ut høyring i heile oktober og kan bli vedtekne neste år.
Regjeringa går inn for at lasteskip i kystfart, konstruksjonsskip i olje- og gassindustrien og passasjerskip i utanriksfart skal kunne segla under NIS-flagg.
Dette tyder at passasjerferjer, som går mellom Norge og land utanfor Norden (Kiel-ferja), kan føra NIS-flagg. Danskebåten må derimot føra NOR-flagg. For fraktefarten vil NIS-registeret berre vera ope for skip som hovudsakleg trafikkerer farvatn utanfor dei norske. Men desse skal nå kunne ta last mellom norske hamner og likevel kunne ha NIS-flagget i hekken.
Lovfestar nettolønnsordninga
Seismikk-fartøy har i dag høve til å segla med NIS-flagg. Nå føreslår regjeringa at også konstruksjonsskip i olje- og gassindustrien kan føra NIS-flagg. Men andre offshorefartøy, som inngår i drifta av installasjonar på norsk sokkel, skal ikkje kunne føra NIS-flagg.
Regjeringa går vidare inn for å lovfesta nettolønnsordninga for reiarlag som nyttar norske sjøfolk. Men taket på utbetaling av støtte og refusjon til kvar tilsett blir ikkje fjerna. Men det skal innførast viktige unntak frå dette prinsippet. Dessutan lova Arve Kambe at taket for maksimal utbetaling blir heva i samband med statsbudsjettet som blir lagt fram 7. oktober.
Norskkontrollerte skip gir i dag jobb til 46 000 sjøfolk. Av desse er 18 000 norske.
Relaterte artikler
-
10 skip fikk norsk flagg
03.10.2023 -
- Norge mangler en politikk for skipsverft
30.09.2021 -
NIS har passert 700 skip
11.05.2021 -
Nær 100 skip kan bli flagga heim
04.02.2016 -
– Viktige tiltak for maritim næring
07.10.2015 -
Ny maritim strategi fremlagt
29.05.2015