Ny brønnbåtkontrakt til Myklebust

Publisert: 25.08.2020
Myklebust Verft i Sande har inngått ny brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund, går det fram av ei pressemelding frå verftet.

Fartøyet blir det tredje i ein serie basert på Kongsberg NVC 389 design som Sølvtrans frå før har to av i ordre ved verftet. Lastekapasiteten er på 4000 m³. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 77 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til april 2022. 

STOR ETTERSPØRSEL
– For å kunne møte etterspørselen etter brønnbåttenester både nasjonalt og internasjonalt, så har Sølvtrans valt å kontrahere nok ein brønnbåt ved Myklebust Verft. Vi opplever stor etterspørsel etter våre brønnbåtar i denne klassa. Som selskap er vi alltid opptatt av å kunne tilby det ypparste av kvalitet både når det gjeld båtar og fiskehandtering. I tillegg er det viktig å kunne bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplassar. Med denne kontrakten oppnår vi dette, seier Roger Halsebakk. 

- For ei veke sidan tok vi imot tre nye lærlingar og det er ei ekstra glede å kunne fortelje dei om denne kontrakten som sikrar spennande arbeidsoppgåver i deira læretid, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide. For tida er sju av 142 tilsette lærlingar og TAF-elevar. Når Sølvtrans vel å bygge lokalt er dei også med på å legge grunnlag for neste generasjon av stolte skipsbyggarar. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler