Nyheter
Ny dagleg leiar i Blue Ctrl
Det Ålesund-baserte selskapet Blue Ctrl gjer strategiske endringar i leiinga for å styrke selskapet sin vidare vekst og posisjon i den maritime teknologinæringa. Den 1. november startar Marielle Furnes Mannseth som dagleg leiar i selskapet.
Mannseth kjem frå stillinga som Group Brand & Sustainability Officer i Norwegian Hydrogen, og har frå tidlegare roller lang erfaring frå produktutvikling. Ho har ein sterk teknologisk bakgrunn med mastergrad i informatikk og datavitskap frå Universitetet i Bergen, og har omfattande erfaring med innovasjon, produktutvikling og leiing frå både teknologiselskap og internasjonale merkevarer.
SOLID TEKNOLOGIFORSTÅING
– Vi er stolte over å få Marielle med på laget. Ho har ei solid teknologiforståing og eit sterkt engasjement for innovasjon og berekraft, noko som passar svært godt med Blue Ctrl sitt strategiske fokus. Med hennar kompetanse og erfaring er vi trygge på at ho vil bidra til å vidareutvikle både organisasjonen og drifta, og styrke vidare vekst, seier styreleiar Johannes Volle.
OVER I NY ROLLE
Samtidig går noverande dagleg leiar Arne K. Dybvik over i ny rolle som kommersiell direktør. Dette er eit ledd i ei strategisk satsing på å styrke sal, kundeoppfølging og marknadsposisjonering.
– Endringa gir oss høve til å jobbe meir målretta med både kommersiell utvikling og intern organisering. Vi ser fram til å ønske Marielle velkomen, og til å gi Arne meir rom til å fokusere på sal og marknad, fortel Volle.
Blue Ctrl
- Bedrifta utviklar avanserte automasjons- og kontrollsystem for den maritime industrien med kundar både i inn- og utland.
- Blue Ctrl er eigd av Ulstein Group – ein innovativ aktør med lang historie innan skipsbygging, skipsdesign, teknologi og service.
Relaterte artikler
-
Ny daglig leder i LOS Marine AS
31.10.2025 -
-
-
Vard får ny CEO
03.04.2024 -
-
Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft
25.04.2023 -
Ny leder i Maritime Partner
22.03.2023 -
Ny daglig leder for Maritimt Forum Nordvest
07.12.2022 -
Ny administrerende direktør i Frøy
11.11.2021 -
Eidesvik endrer i toppledelsen
28.10.2021 -
Ny sjef i Havyard MMC
03.03.2016 -
Ny daglig leder i Maritimt Forum
12.10.2012 -
Ny daglig leder i Bergen Group Vest Elektro
14.12.2010