Nyheter
Ny designkontrakt til Ulstein
                                            Publisert: 29.04.2013
                                        
                                    Kuma Shipping har kontrahert to Ulstein P128, ein ny design som er utvikla for den delen av PSV-marknaden som er retta mot operasjonar i grunnare farvatn.
– Dette er ein design som kombinerer lavt drivstofforbruk og høg lasteevne til ein attraktiv pris, seier Ove Dimmen, som er områdesalssjef i Ulstein Design & Solutions.
– Vi ønskte å kome fram med ein design for ein mindre type plattform forsyningsfartøy (PSV) som kan forsyne borelekterar og riggar på ein meir økonomisk måte enn dei tradisjonelle offshorefartøya. Då tenkjer vi både i forhold til byggekostnader og driftskostnader, seier Dimmen.
Han og teamet hans har utvikla P128-designen med gode innspel frå mellom andre Kuma Shipping, som er basert i Hong Kong. Fartøya vil bli bygde ved eit kinesisk verft, og er planlagde for levering i 2014.
Skipa er 71,5 meter lange og 15 meter breie, med dødvekt på om lag 3000 tonn. Det 610 kvadratmeter store arbeidsdekket har plass til fire lengder med borerør. Lossesystema har blitt designa for sikker og effektiv lasting og lossing av fleire tørre og våte bulklastar på same tid. Dynamisk posisjonering (DP2) og automasjonssystem for maskineri og lasthandtering gir sikre og effektive operasjonar. Skipa vil bli utstyrte for 24 personar.
Relaterte artikler
- 
                                                            Høg aktivitet for Ulstein i 202404.07.2025
- 
    
- 
                                                            Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein06.07.2023
- 
    
- 
                                                            TTS Pioneer – rett i jobb03.05.2022
- 
                                                            Ulstein designar forskingsskip til Sør-Korea01.06.2021
- 
                                                            Ny storkontrakt til Ulstein05.10.2018
- 
                                                            Vant designkontrakt for ekspedisjonsskip13.06.2018
- 
                                                            Vard designer kabelleggingsfartøy14.09.2017
- 
                                                            Esvagt velger Havyard-design08.12.2015
- 
                                                            Avtaler for nybygg frå Ulstein18.11.2014
- 
                                                            Siste av 12 PSV med Ulstein-design frå Kina06.11.2014
- 
                                                            Ulsteindesign til Singapore25.08.2014
- 
                                                            Havyard bygger hybrid PSV15.04.2014
- 
                                                            Nok ein designkontrakt til Ulstein08.04.2014
- 
                                                            Designkontraktar til Ulstein20.03.2014
- 
                                                            Rolls-Royce inngår kontrakt med Sinopacific03.12.2013
- 
                                                            Designkontrakt til Ulstein29.10.2013
- 
                                                            Ulstein design til Singapore11.09.2013
- 
                                                            Seatankers fikk sitt tredje Ulstein-skip20.08.2013
- 
                                                            Ulstein med nye designkontrakter13.08.2013
- 
                                                            COSCO skal bygge Ulstein-design07.03.2013
- 
                                                            Sinopec vil ha mer Havyard-design07.02.2013
- 
                                                            Island Offshore bygger på Ulstein20.12.2012
- 
                                                            Nye Havyard-design til Asia29.11.2012
- 
                                                            Gjennombrudd i Singapore for Ulstein08.11.2012
- 
                                                            Havyard sikrer ny kontrakt27.08.2012
- 
                                                            Havyard selger design til Swire Pacific20.06.2011
- 
                                                            Nye kontraktar for Ulstein i Brasil29.04.2011
