Nyheter
Ny kontrakt til Rolls-Royce
                                            Publisert: 18.08.2011
                                        
                                    Rolls-Royce har inngått kontrakt på levering av design og utstyr til to UT 735 SE offshore supplyfartøy som skal byggast ved Estaleiro Ilha S.A for det brasilianske reiarlaget Brasil Supply.
Dette er ordre nummer to frå Brasil Supply i løpet av sommaren, og reiarlaget har no fire fartøy av UT design som skal byggast ved same verft. Dei to siste fartøya skal vere klare for levering i 2013, og kontrakten har ein verdi på 130 millionar kroner for Rolls-Royce.
Designet av typen UT 735 SE er spesielt utvikla for det statlege brasilianske oljeselskapet Petrobras, og møter alle krav for fartøy som skal operere utanfor Brasil.
I tillegg til designet skal Rolls-Royce levere ein omfattande integrert utstyrspakke som inkluderer mellom anna propellsystem, dekksmaskineri, bulkhandteringssystem, automasjon- og kontrollsystem, dynamisk posisjonering (DP2) samt power electric system.
– Vi er sjølvsagt svært nøgde med at Brasil Supply nok ein gong vel Rolls-Royce når dei no utvidar flåten sin. Vi er opptekne av å tilby fartøy som oppfyller morgondagens krav, og denne kontrakta viser at dei stolar på vår evne til å møte deira eigne og Petrobras sine behov knytta til olje- og gassaktivitet, seier Atle Gaasø, salssjef i Rolls-Royce.
Relaterte artikler
- 
                                                            Rolls-Royce og Siem inngår serviceavtale09.05.2018
- 
    
- 
                                                            Hekktrålere med Rolls-Royce design07.10.2016
- 
    
- 
                                                            Rolls-Royce leverer utstyr til ni fartøy03.12.2015
- 
                                                            Rolls-Royce vant kontrakt i tøft marked29.10.2015
- 
                                                            Designkontrakt til Rolls-Royce13.06.2015
- 
                                                            Stor kontrakt til Rolls-Royce11.09.2014
- 
                                                            Brasilkontrakt til Rolls-Royce27.08.2014
- 
                                                            Utstyrskontrakt til Rolls-Royce10.06.2014
- 
                                                            Ny designkontrakt til Rolls-Royce06.06.2014
- 
                                                            Rolls-Royce leverer til Canada07.05.2014
- 
                                                            Møkster bestiller Rolls-Royce fartøy04.04.2014
- 
                                                            Stor utstyrskontrakt til Rolls-Royce28.03.2014
- 
                                                            Ny Kina-kontrakt til Rolls-Royce21.03.2014
- 
                                                            Rolls-Royce inngår kontrakt med Sinopacific03.12.2013
- 
                                                            Brønnbåt med design fra Rolls-Royce18.11.2013
- 
                                                            Brasilkontrakt for Rolls-Royce04.07.2013
- 
                                                            Kinakontrakt for Rolls-Royce16.11.2012
- 
                                                            Rolls-Royce design og utstyr til Brasil23.10.2012
- 
                                                            Rolls-Royce kontrakt til 220 millioner29.03.2012
- 
                                                            Farstad bestiller skip fra STX Langsten17.11.2010
- 
                                                            Brasilkontrakt til Rolls-Royce26.03.2010
