Nyheter
Ny kontrakt til Ulstein
                                            Publisert: 13.01.2015
                                        
                                    Ulstein Verft har inngått ein byggjekontrakt med tyske Bernhard Schulte på to serviceoperasjonsskip (SOV) med Ulstein SX175-design utvikla av Ulstein Design & Solutions. Dei endelege detaljane på arrangement og utstyr på skipa har vorte utarbeidd i samarbeid med Windea Offshore GmbH & Co. KG, som er Bernhard Schulte sitt kompetansesenter for offshorevindprosjekt.
– Leveringspresisjon var førsteprioritet for oss då vi skulle fastsetje kva byggjeverft vi skulle velje. Vi vurderte fleire verft over heile verda, og Ulstein Verft vart valet vårt. Dei har eit solid omdøme, ikkje berre på å halde leveringsfristar, men også på å levere innovative skip med høg kvalitet, seier Matthias Müller, direktør for forretningsutvikling i Bernhard Schulte.
Christian Brozinski, sjef for forretningsutvikling i Windea, legg til:
– Vi er glade for å fortsetje prosjektet saman med Ulstein ved at vi no vel verftet deira etter å ha jobba tett og godt i designfasen saman med Ulstein Design & Solutions. Ulstein, Windea og Bernhard Schulte har samarbeidd som eitt designteam, og skapt eit fartøy som passar perfekt til behova i offshorevindindustrien,
– Berekraftig vekst ligg til grunn for utviklinga i Ulstein, og vi har også tidlegare utvikla og levert skipsdesign innanfor det fornybare energiområdet. Vi ser fram til samarbeidet med Windea, som er ein ny og spennande partnar for oss, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
– Dette vert dei første serviceoperasjonsskipa til vindindustrien som vert bygde ved Ulstein Verft. Skipa er nyutvikla, og med mange nye finessar. Vi er eit verft som er spesialiserte på å byggje avanserte prototypar, med eit sterkt miljø innan detaljdesign, integrasjon og prosjektstyring. Vi gler oss til å levere to førsteklasses skip i andre kvartal 2016 og første kvartal 2017, seier Kristian Sætre, administrerande direktør i Ulstein Verft.
Skipa har innreiing for 60 personar i einmannslugarar, der 40 av desse lugarane vil verte nytta av teknikarar som skal utføre vedlikehald på vindturbinane. Den viktigaste oppgåva til eit servicefartøy innan offshorevind er å halde seg i posisjon tett attmed turbinane, med minst mogleg rørsle, slik at teknikarane kan gå trygt frå skipet gjennom ein hivkompensert gangveg til turbinane.
Skipa vert dei første av Ulstein SX175-designet, utvikla for å kunne stette behova i offshorevindindustrien. Viktige innslag er den nye akterutforminga X-Stern, og tilsvarande den velprøvde baugforma X-Bow. Skipet kan leggje seg anten med X-Bow eller med X-Stern mot vêret, noko som aukar den tida skipet kan utføre operasjonelt arbeid.
– Vi har hatt eit nært samarbeid med reiarlaget gjennom denne prosessen, og er svært nøgde med at Windea valte denne innovative løysinga, og at dei første fartøya med X-Stern no vert bygde, fortel Kolbjørn Moldskred, salsansvarleg for offshorevindfartøy i Ulstein Design & Solutions.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vard med kontrakt på to CSOV-er21.07.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Brennestart for havvindskip02.11.2023
- 
                                                            Vard skal designe og bygge to hybride CSOVs24.10.2023
- 
                                                            Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein06.07.2023
- 
                                                            North Star Shipping tilbake til Vard09.05.2023
- 
                                                            Ulstein Verft oppgraderer Windea Leibniz01.11.2022
- 
                                                            Edda Wind bestiller ytterligere tre CSOVer02.02.2022
- 
                                                            Bygger to nye brønnbåter for Seistar18.12.2020
- 
                                                            Ny kontrakt til Ulstein31.07.2018
- 
                                                            Kontrakt på nytt ekspedisjonscruisefartøy03.07.2018
- 
                                                            Flere ekspedisjonsfartøy fra Vard26.08.2016
- 
                                                            Vard Søviknes skal levere cruiseskip12.08.2016
- 
                                                            Esvagt velger Havyard-design08.12.2015
- 
                                                            Oppdrag til Vard-skip22.09.2015
- 
                                                            Storkontrakt til Kleven fra Maersk16.10.2014
- 
                                                            Vard sikrer kontrakt med E.R. Offshore15.07.2014
- 
                                                            Nordic American Offshore bekrefter ordre23.06.2014
- 
                                                            Subseakjempe til Siem Offshore24.02.2014
- 
                                                            To nye oppdrag til Ulstein Verft24.02.2014
- 
                                                            Myklebust skal bygge to for Atlantic03.07.2012
- 
                                                            Eidesvik kontraherer hos Kleven Maritime05.06.2012
- 
                                                            Farstad kontraherer to nybygg ved STX OSV30.03.2012
- 
                                                            Farstad kontraherer to hos STX OSV22.06.2011
