Ny ordre frå Mest Skipsverft

Publisert: 28.04.2025
NB118.jpg
Trålaren med byggenummer NB118, skal byggast på Færøyane. Illustrasjon frå Mest Skipsverft

Maritime Montering skal levere fullverdig innreiing for ny frysetrålar som skal byggast for reiarlaget Hvanngarður på Færøyane.

 Maritime Montering melder i ei pressemelding om ei ny kontrakt med Mest Skipsverft for komplett utrustning og innreiing på ein ny frysetrålar som skal byggast for reiarlaget Hvanngarður P/F som er  eitt av dei leiande fiskeriselskapa på Færøyane. Skipet skal etter planen leverast i midten av 2026.

 Med ei lengd på 44,15 meter, ei breidd på 11,6 og ein frysekapasitet på 40 tonn per dag, skal trålaren utrustast for krevande operasjonar i Nord-Atlanterhavet.

 KOMPLETTE INNREIINGSLØYSINGAR
Som ein del av kontrakta skal Maritime Montering levere komplette innreiingsløysingar for alle områder ombord. Innreiinga skal designast med spesielt omsyn til komfort og velvêre for mannskapet i samsvar med høgaste standard for arbeids- og opphaldsmiljø.

 – Vi er glade for å halde fram samarbeidet med Maritime Montering. Deira dedikerte tilnærming til kvalitet og leveringspresisjon er akkurat dei eigenskapane vi ser etter hos våre samarbeidspartnerar. Etter å ha sett korleis dei lukkast med å utruste forskingsfartøyet vårt, Jákup Sverri, er ei vidareføring av samarbeidet til vårt nyaste fartøy noko vi er glade for, seier Mouritz Mohr, adm.dir. i Mest Skipsverft.

 BYGGAST PÅ FÆRØYANE
Trålaren med byggenummer NB118, skal byggast på Færøyane der dei er kjende for sjøfartstradisjonar og godt handverk. Maritime Montering har ein leiande posisjon innan utrtustning av fartøy til denne regionen.

 – Vi er veldig stolte av å verte valgde på ny på grunn av vår kvalitet. Færøyiske reiarlag, som Hvanngarður set mannskapet sin komfort høgt, vel vitande om at gode arbeids- og levekår ombord bidreg til å vere konkurransedyktige også ved rekruttering og det å halde på gode folk. Vi ser fram til å legge vår etterkvart så omfattande erfaring inn i å gjere dette nybygget til nok ein suksess for både Mest Skipsverft og for Hvanngarður, seier Asgeir Hope, senior salsleiar ved Maritime Montering Norway AS.

 Mest Skipsverft

  • Mest er det leiande skipsverftet på Færøyane, med spesialområde innan nybygg, reparasjon og ombygging. ^
  • Med meir enn eitt århundres skipsbyggarerfaring, kombinerer Mest tradisjonelt handverk med moderne maritim teknologi.

 Hvanngarður P/F

  • Er eit større færøyisk fiskeriselskap, med ei flåte av avanserte fartøy som operer i Nord-Atlanterhavet.
  • Selskapet er kjende for sin bêrekraftige praksis og dedikasjon til mannskapskomfort. Hvanngarður spelar ei viktig rolle i færøyisk fiskeriindustri.

 Maritime Montering

  • Er eit norsk konsern etablert i 1981 med mål om å levere innovative og høgkvalitets skipsinnreiingar til fartøy og riggar.
  • Med over 600 dedikerte tilsette og ein lidenskap for godt handverk, har Maritime Montering ferdigstilt meir enn 1150 nybygg.
  • I dag driv konsernet selskap i sju land og held fram med å vekse.

 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler