Ny start og ny kontrakt for Kleven Verft

Publisert: 20.09.2019
Restruktureringa av Kleven Verft AS er fullført, og «Nye Kleven» er no etablert. Det nye firmaet har fått starthjelp frå fleire hald, i tillegg til kontraktar som sikrar drift i verftet ut 2020. Men selskapet må sannsynlegvis redusere talet på tilsette.

– Det er veldig kjekt at vi no har fått på plass ein heilt konkret framtidsplan for vidare drift av Kleven Verft. Målet er å framleis vere eit nybyggingsverft slik vi kjenner Kleven frå før, denne gang med ein sterk kostnads- og risikokontroll. Men for å kome dit vi vil, må vi gjere nokre tiltak, fortel administrerande direktør i Kleven Verft, Kjetil Bollestad, i eit presseskriv.

Satsar på oppdrag med lavare risiko

Satsingsområdet til Nye Kleven er å bygge nybygg, men i ei periode framover vil verftet også satse på litt andre type oppdrag med lavare økonomisk risiko. Nye Kleven ser no på oppdrag som ombyggingar, service og vedlikehaldsoppdrag, samt diverse rør- og stålarbeid.

– Erfaringa frå bygginga av komplekse skip dei siste åra, sist med leveransane av Hurtigruten sitt nye hybriddrivne ekspedisjonsskip MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen, skal takast vare på og brukast i arbeidet med å bygge opp Kleven på nytt. Vi er avhengige av å gjere tilpassingar på kostnadssida, og samanlikna med dei siste åra, vil vi få eit lavare aktivitetsnivå i 2020, fortel Bollestad.


Nedbemanning

Nye Kleven kjem til å sluttføre arbeidet av søsterskipet MS Fridtjof Nansen. Det vil skje gjennom ein serviceavtale med Gamle Kleven, som vil leige personell og verftsfasilitetar av Nye Kleven. Gamle Kleven har tilstrekkeleg kapital til å sluttføre MS Fridtjof Nansen. Når MS Fridtjof Nansen er planlagt levert i slutten av 2019, blir det mindre aktivitet på verftet i 2020 slik prognosane ser ut no. Derfor må Kleven redusere talet på tilsette, kjem det fram av presseskrivet.
– Det å nedbemanne er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, men det er eit heilt avgjerande tiltak for at verftet skal kunne ha vidare drift. Det blir hard jobbing framover, og alle må ha eit ekstremt fokus på kostnader. Vi har ingen garanti for framtida, sjølv om vi har god tru på drift etter 2020.

Nordnes med unikt byggeprosjekt på Kleven

Nye Kleven blir gitt ein fantastisk god start av reiarlaget NordnesGruppen og Vegsund Slip, ved å inngå ei ombyggingskontrakt på eit trål/snurrevad-fartøy. Kontrakta er mynta på eit gjensidig tillitsforhold med stor grad av risikofordeling.
– Vi skal bygge ein hekktrålar for Nordnes, eit heilt unikt prosjekt. Vi skal ta ein eksisterande båt og bygge den heilt totalt om til å innehalde alt reiarlaget ynskjer av nyvinningar og mengder av grøn teknologi. Vi har stor tru på prosjektet og synest det er spanande å vere fyrst ute ilag med NordnesGruppen om å definere ein ny type fiskefartøy, fortel Bollestad.

Forskipet frå båten har allereie komt til Kleven. Det skal byggast om til å bli ein topp moderne og energieffektiv fiskebåt, som skal fungere som eit kombinert trål/snurrevad-fartøy for kvitfisk, rauddfisk og reker.

– Vi er veldig takksame for at Nordnes ynskjer å hjelpe oss i gang med Nye Kleven. Dette samarbeidet betyr enormt mykje for mange. Både våre tilsette, underleverandørar, bankane og lokalsamfunnet får glede av dette, seier Bollestad.

Kleven skal mellom anna forlenge båten, bygge nytt maskinrom, nytt overbygg med topp moderne fasilitetar, nye motorar og framdriftssystem. Skipet blir utstyrt med store batteripakkar for å redusere forbruk, og det blir elektriske vinsjar, ny fiskefabrikk og mykje meir. Dette blir det mest energieffektive og grøne trål/snurrevadfartøyet som finnast på marknaden, med mange nyvinningar og nye måtar å tenke utøving av fiskeri på.

God starthjelp
I tillegg til kontrakten med Nordnes, er Nye Kleven og Fosen Yards i felles samtalar med Hurtigruten om ombyggingar og oppgraderingar av fleire Hurtigruten-skip dei neste 12-16 månadene, inkludert ferdigstillelsen av MS Fridtjof Nansen.Hurtigruten har vore sentral i arbeidet med restruktureringa. Ifølge Bollestad og Ola Beinnes Fosse, finansdirektør i Kleven Verft, har Hurtigruten også vore heilt avgjerande for at Kleven har overlevd fram til i dag.

Nye og gamle
Nye Kleven er eit nyoppretta firma som i en overgangsperiode vil vere kontrollert av bankane og Hurtigruten. Verftet tek med seg fasilitetar, deler av lånet, samt tilsette frå opphavelege Kleven. Namnet blir også med, derfor vil «Nye Kleven» heite Kleven Verft AS. Gamle Kleven Verft AS vil halde fram med å eksistere parallelt for å ivareta gamle forpliktingar.

Kurt Vadset

Relaterte artikler