Ny stor kontrakt til Stadt

Publisert: 20.11.2025
Screenshot_20251119_175035_Google.jpg

Bildet er ein førebels illustrasjon av skipet som skal byggast.

 

Stadt, som held til i Gjerdsvika på Sunnmøre, har fått ein stor, ny kontakt. De gjeld vert eit større skip for operasjonar på havbotnen med dynamisk posisjonering, fortel adm.dir. Hallvard L. Slettevoll til Maritimt Magasin.

Skipet skal byggast i Europa for europeisk reiarlag. Dette vert det 18. skipet med DP klasse utrusta med STADT Lean Propulsion . STADT vert her systemleverandør av eit kraftig diesel-elektrisk system basert på det patenterte Lean Propulsion - systemet som styrer alle propellar ombord på ein støyfri måte. 

UNIK ELEKTRISK FRAMDRIFTSTEKNOLOGI
STADT innehar ein unik elektrisk framdriftsteknologi, Lean Propulsion, som baserer seg på rein AC hovedkraftdistribusjon, noko som skil seg kraftig frå konkurrentars DC baserte løysingar .

Gevinsten ligg i lavare energitap med AC, langt mindre kompleksitet – som igjen fører til svært høg pålitelegheit ,  og ein garantert støyfri operasjon, noko som er utenkjeleg med ei DC basert energiløysing .

Grunnen til det er at alle elektromotorar og generatorar på eit skip er AC -basert teknologi.    

– Kontrakta stadfestar STADT sin gode posisjon i den internasjonale marknaden  også for DP opererte skip , og skapar grunnlag for langt fleire tilsette no i Gjerdsvika , seier Hallvard Slettevoll   

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler