Nyheter
Ny stor kontrakt til Ulstein Design
Ulstein Design AS har fått en ny, stor kontrakt på levering av design og utstyrspakkar. Det er rederiet Neptune Offshore AS i Fosnavåg som har bestilt to Ulstein SX 130 fartøy med leveranse fra Sinopacific Group i Kina. Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet gleder seg over å ha fått ein ny kunde.
- I fellesskap med reiarlaget har vi utvikla eit fartøy som kan utføre subseaoperasjonar som inspeksjon, vedlikehald og reparasjon på havbotnen(IMR fartøy). Neptune er ein ny kunde for Ulsteinkonsernet. Vi er glade for at reiarlaget ynskjer våre skipsdesign og at dei vel design med ULSTEINX-BOW®, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet.
- I utviklingsfasen har samarbeidet med ingeniørteamet hos Ulstein Design vore svært bra, og saman med den maritime klynga i regionen, har vi fått til dei løysingar vi ønskjer oss, seier administrerande direktør Bjørn Endresen i Neptune Offshore.
Ulsteinkonsernet skal levere omfattande utstyrs- og designpakkar til dei to fartøya som er av typen Ulstein SX130. I tillegg til å levere hovudutstyret skal konsernet mellom anna produsere hovudtavler, bru og kontrollromspultar, Ulstein IAS® (integrert alarm- og overvakingssystem), Ulstein COM® (integrert kommunikasjonssystem) og navigasjonsutstyr og Ulstein PMS (power management system).
Reiarlaget Neptune vart etablert i 2006 og held til i Fosnavåg i Herøy. Dei to Ulstein SX130 vil vere med på å etablere Neptune innan subseamarknaden.
Relaterte artikler
-
Nok ein designkontrakt til Ulstein
08.04.2014 -
Designkontrakt til Ulstein
01.04.2014 -
Designkontraktar til Ulstein
20.03.2014 -
Designkontrakt til Ulstein
29.10.2013 -
Ulstein med nye designkontrakter
13.08.2013 -
Ulstein med tolv designleveransar
21.09.2012