Nybyggkontrakt til Ulstein Verft

Publisert: 07.02.2018
acta_auriga_sov_vessel_at_ulstein_verft_photo_benny_banen_acta_marine.jpg
Skipsbygging ved Ulstein Verft: Havvindskipet Acta Auriga er for tida under bygging ved Ulstein Verft. Foto Ulstein Group
Ulstein Verft har inngått kontrakt med Acta Marine, om bygginga av eit nytt DP2 walk-to-work (W2W)-konstruksjonsstøttefartøy for offshoreindustrien. Fartøyet er planlagt for levering i andre kvartal 2019.

Designet blir av type SX195 frå Ulstein Design. Acta Marine har for tida eit fartøy under bygging ved Ulstein Verft, med same design.

Første fartøy snart leveringsklart
– Acta Marine er godt posisjonerte innan havvind og offshore olje og gass. Første gong dei var i kontakt med oss, utfordra dei oss i å designe eit svært fleksibelt og kompakt fartøy med høg kapasitet som kunne vere lenge ute i feltet. Dette fartøyet er snart ferdigstilt. Vi gler oss til å samarbeide med Acta Marine igjen for å få fram endå eit nytt og moderne konstruksjonsstøttefartøy (CSV) med walk-to-work-funksjonar, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i eit presseskriv.

Svært nøgd
– Det første skipet vårt ved Ulstein Verft, Acta Auriga, skal snart på prøvetur, og vi er svært nøgde med framdrifta av prosjektet. Det at vi no kjem tilbake til Ulstein Verft med ein ordre på eit søsterskip er eit sterkt signal om at vi verdset verftet si evne til å levere kvalitet og til avtalt tid, noko som er svært viktig for oss som skipseigar og for kundane våre. Vi er overtydde om at Acta sine SX195-fartøy vil føre til høgare effektivitet i logistikkoperasjonar offshore, og på den måten reduserer den totale kostnaden med å byggje vindfarmar og også bidreg til ei høgare oppetid i etablerte offshorevindfarmar, uttalar Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine, i pressemeldinga.

Optimalisert logistikk om bord
SX195-designet, eit skip som måler 93,4 meter i lengde og 18 meter i breidda, er optimalisert for offshorevind. Det har ei stor og sentralt plassert W2W-rørslekompensert gangveg og tårnheis levert av SMST for overføring av personell og last til vindturbinane. SMST leverer også ei 3D-kompensert kran som kan løfte opp til 6 tonn. Det drivstoffeffektive skipet har godt planlagt logistikk om bord, med stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til offshore-installasjonane. Det vil bli utstyrt med helikopterdekk.

Hovudutstyret er plassert i aktre enden av skipet og arbeidsoperasjonane skjer herifrå. Det vil då vere naturleg å halde skipet med aktre enden, X-Stern, mot veret. Det vil då ikkje oppstå slag, støy eller vibrasjonar, noko som gir god søvn og effektiv kvile mellom skifta.

Kurt Vadset

Relaterte artikler