Nyheter
Nye kontraktar for Ulstein i Brasil
Publisert: 29.04.2011
Ulstein Design & Solutions har inngått designkontraktar med det brasilianske skipsverftet Alianca S.A, for bygging av to plattform forsyningsfartøy av typen Ulstein PX105 med X-Bow-skroglinjedesign for det brasilianske reiarlaget CBO.
Kontraktane har ein samla verdi på om lag NOK 150 millionar, og omfattar levering av design, engineering (deltaljdesign), hovudutstyr og byggeoppfølging for to store plattformforsyningsfartøy (PSV) av designtypen Ulstein PX105.
– Desse kontraktane er svært viktige for Ulstein. Det vert investert stort i aktivitetar på den brasilianske kontinentalsokkelen og der er store og omfattande planar for dette området, og det er difor viktig for oss å posisjonere oss i denne marknaden”, seier områdeansvarleg i Design & Solutions, Tore Ulstein, og fortset: - Vi er svært nøgde med at ein trendsettar som CBO igjen har valt Ulstein og vår PX105-design til si flåteoppbygging.
– CBO er først ute med å bygge skip med X-Bow i Brasil og det er eit prov på at vi er eit innovativt selskap som stadig søker nye løysingar, seier direktør i CBO, Alfredo Naslausky. Selskapet har for tida fire PSV-ar med X-Bow under bygging ved skipsverftet Alianca i Rio de Janeiro. Kontraktene på ytterlegare to PX105 fører talet opp i seks.
.
Olje- og gassproduksjon går føre seg stadig lengre frå land og etterspurnaden etter store plattformforsyningsfartøy er difor aukande. P105-designen med konvensjonell baug og PX105-designen med X-Bow, begge store PSVar, har vorte leiande design sidan dei vart lanserte i marknaden. – Desse skipa er store og allsidige, og gjer dei høvelege for mange ulike marknadar og operasjonar, noko som har gitt Ulstein ein leiande posisjon i dette segmentet, avsluttar Tore Ulstein.
– Dei to skipa vil gå inn i åtte-årskontraktar, med moglegheit for forlenging, med det statlege, brasilianske oljeselskapet Petrobras. Dette vert skip nummer fem og seks med X-Bow bygde for CBO og permanent stasjonerte i Brasil, noko eg finn svært spanande, seier salssjef for offshore forsyningsfartøy i Ulstein, Lars Ståle Skoge.
Relaterte artikler
-
Nok ein designkontrakt til Ulstein
08.04.2014 -
Designkontraktar til Ulstein
20.03.2014 -
Designkontrakt til Ulstein
29.10.2013 -
Ny designkontrakt til Ulstein
29.04.2013 -
COSCO skal bygge Ulstein-design
07.03.2013 -
Ulstein med tolv designleveransar
21.09.2012