Nyheter
Nye kontrakter til Scana Propulsion
                                            Publisert: 23.12.2016
                                        
                                        Scana Propulsion har sikra kontrakter for levering av reduksjonsgir til to Ankerhandteringsfartøy (AHTS) for Grupo CBO, Brasil, og for eit komplett framdriftsanlegg for ombygging av ein trålar til Harvest Fishing, UK. Kontraktspartnarar er Sotreq SA, i Brasil og Karstensens Skibsværft i Danmark. Den totale kontraktsverdien er ca. 25 mill NOK, skriver selskapet i en pressemelding.
Scana Propulsion og Sotreq SA, Brasil har signert kontrakt for levering av reduksjonsgir til to AHTS til Grupo CBO i Brasil. Denne kontrakta er ein erklært opsjon frå den opprinnelege kontrakta på gir til fire skip som har blitt levert frå fabrikken i Volda i 2015 og 2016. Skipa er av Havyard 843 design frå Havyard Design & Solutions AS, i Norge. Leveransen frå Scana Propulsion er for twin-screw dieselmekanisk framdriftssystem drive av Caterpillar MaK motorar. Utstyret skal leverast til Grupo CBO sitt verft Oceana i Itajai i Brazil, i Q3 og Q4-2017.
Scana Propulsion og Karstensens Skibsværft, Danmark, har signert kontrakt for levering av framdriftssystem som består av gir, propell, dyse og kontrollsystem for ombygging av trålaren Harvest Hope til Harvest Fishing, UK. Utstyret skal leverast frå Scana Propulsion sin fabrikk i Volda innan Q2-2017.
– I ei tid med få kontrakter til offshore segmentet, er vi takksame for at Grupo CBO erklærte opsjonen på utstyr til to AHTS, og glade for å kunne annonsere at Scana Propulsion sikra kontrakta på reduksjonsgir, seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda.
Pettersen legg vidare vekt på at selskapet er stolte og takknemlege for å ha oppnådd gode kontrakter innan både nybygg og ombygging i eit vanskeleg år med rekordlav ordreinngang og generelt sterk konkurranse om kontraktene.
– Scana Volda er i ein lovande posisjon for 2017 då vi langt på veg har fyllt opp produksjonskapasiteten dei første 3 kvartala, seier Hallvard Pettersen. Inge Bøen, CEO i Scana Propulsion, bekreftar ein positiv trend med aukande ordrereserve hos porteføljeselskapa til Scana Propulsion.
                                 
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Tildelt oppdrag verdt inntil 1,8 milliarder23.06.2020
- 
                                                            Milliardkontrakt til Aker23.01.2018
- 
                                                            Har signert milliardkontrakt20.10.2017
- 
                                                            Millionkontrakt til Frydenbø18.04.2016
- 
                                                            Statoilkontrakter for 24 milliarder15.12.2015
- 
                                                            Enda en Sverdrup-kontrakt til Kværner08.10.2015
- 
                                                            Kjempekontrakt til Kværner Verdal20.01.2015
- 
                                                            Stor kontrakt til Ulmatec Well Products16.01.2015
- 
                                                            Stor kontrakt til Seaonics05.01.2015
- 
                                                            Krankontrakter til Westcon19.12.2014
- 
                                                            Stor kontrakt til MacGregor15.12.2014
- 
                                                            Total stopper kontrakt med Skandi Aker25.06.2014
- 
                                                            Krankontrakt til Servi Ulsteinvik22.05.2014
- 
                                                            Storkontrakt til Palfinger Dreggen15.02.2013
- 
                                                            Millionkontrakter til Scana Propulsion16.04.2012
- 
                                                            Millionkontrakter til Bergen Group Dreggen08.03.2012
- 
                                                            Aker Solutions vant Eldfisk EPC-kontrakt18.03.2011
- 
                                                            Offshore-kontrakter til Bergen Group Dreggen20.05.2010
- 
                                                            Millionkontrakter til Farstad Shipping29.05.2009
- 
                                                            32 millioners kontrakt til Odim10.06.2008