Nyheter
Nytt kabelleggingsskip tek form
Publisert: 17.10.2019
15. oktober var blokkseremonen til kabelinstallasjonsfartøyet Nexans Aurora. Fremst i biletet ser vi administrerande direktør i Ulstein Verft Lars Lühr Olsen og CEO Ragnhild Katteland i Nexans Norway. Foto: Ulstein Verft
Den 15. oktober 2019 var Nexans vertskap for ein ny milepæl, blokkseremonien, til sitt nye kabelinstallasjonsfartøy Nexans Aurora. Nybygget skal ferdigstillast på Ulstein Verft.
Dei store blokkene som til saman skal utgjere skroget vert no samanstilte på CRIST i Polen og representantar frå reiarlaget, skipsbyggarane, skipsdesignaren og andre samarbeidspartnarar var til stades ved markeringa.
Skipet og løysingane om bord er utvikla gjennom eit samarbeid med Nexans, Skipsteknisk, Ulstein Verft og MAATS Tech.
– Bygginga av dette banebrytande kabelleggingsfartøyet er ein viktig milepæl i vår langsiktige strategi for framtidas energimarknad. Med blokkseremonien har vi tatt eitt steg vidare, seier Ragnhild Katteland, CEO i Nexans Norway, i eit presseskriv.
– Nexans Aurora vil vere ein viktig ressurs til å kunne halde posisjonen vår som ein viktig totalaktør innan legging av sjøkablar, der vi bidreg til å sikre verdas energiforsyning ved å installere kabelsamband over heile verda og til det grøne skiftet.
– Fartøyet er godt førebudd for å gjere komplekse konstruksjonsoppgåver under vanskelege vêrforhold overalt i verda. Ulstein Verft skal ferdigstille skipet, noko som mellom anna inkluderer utrusting, kommisjonering og testing før fartøyet skal leverast i 2021. Vi er godt førebudde og klare til å sluttføre dette spennande prosjektet for Nexans, fortel administrerande direktør Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft.
Nexans har meir enn eitt hundre års erfaring med undersjøiske kabelinstallasjonar, noko som vert implementert i 'Nexans Aurora'; med dette skipet vert kabelinstallasjon løfta opp til neste nivå innan kapasitet og yteevne, heiter det i pressemeldinga.
DP3-skipet har ei svingskive med kabelkapasitet på 10 000 tonn, som utgjer eit nytt steg innan offshore fornybar energi. Skipet vil bli utstyrt for legging av sjøkablar, som omfattar buntlegging, kabelskøyting og -reparasjonar, grøfting og sikring av kabelsystem. Skipet er utvikla for å vere lett manøvrerbart og ha god posisjoneringsevne sjølv ved operasjonar i røft vêr.
Fartøyet vil ha ei viktig rolle i installasjonen av Nexans sine sjøkablar som skal gi meir energi til verda, bidra til å kople havvindfarmar til straumnettet, støtte elektrifisering av offshore oljeinstallasjonar og bygge utjamningsleidningar mellom land.
Dei store blokkene som til saman skal utgjere skroget vert no samanstilte på CRIST i Polen og representantar frå reiarlaget, skipsbyggarane, skipsdesignaren og andre samarbeidspartnarar var til stades ved markeringa.
Skipet og løysingane om bord er utvikla gjennom eit samarbeid med Nexans, Skipsteknisk, Ulstein Verft og MAATS Tech.
Ferdigstilt i 2021
– Bygginga av dette banebrytande kabelleggingsfartøyet er ein viktig milepæl i vår langsiktige strategi for framtidas energimarknad. Med blokkseremonien har vi tatt eitt steg vidare, seier Ragnhild Katteland, CEO i Nexans Norway, i eit presseskriv. – Nexans Aurora vil vere ein viktig ressurs til å kunne halde posisjonen vår som ein viktig totalaktør innan legging av sjøkablar, der vi bidreg til å sikre verdas energiforsyning ved å installere kabelsamband over heile verda og til det grøne skiftet.
– Fartøyet er godt førebudd for å gjere komplekse konstruksjonsoppgåver under vanskelege vêrforhold overalt i verda. Ulstein Verft skal ferdigstille skipet, noko som mellom anna inkluderer utrusting, kommisjonering og testing før fartøyet skal leverast i 2021. Vi er godt førebudde og klare til å sluttføre dette spennande prosjektet for Nexans, fortel administrerande direktør Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft.
Bringer energi til verda
Nexans har meir enn eitt hundre års erfaring med undersjøiske kabelinstallasjonar, noko som vert implementert i 'Nexans Aurora'; med dette skipet vert kabelinstallasjon løfta opp til neste nivå innan kapasitet og yteevne, heiter det i pressemeldinga.DP3-skipet har ei svingskive med kabelkapasitet på 10 000 tonn, som utgjer eit nytt steg innan offshore fornybar energi. Skipet vil bli utstyrt for legging av sjøkablar, som omfattar buntlegging, kabelskøyting og -reparasjonar, grøfting og sikring av kabelsystem. Skipet er utvikla for å vere lett manøvrerbart og ha god posisjoneringsevne sjølv ved operasjonar i røft vêr.
Fartøyet vil ha ei viktig rolle i installasjonen av Nexans sine sjøkablar som skal gi meir energi til verda, bidra til å kople havvindfarmar til straumnettet, støtte elektrifisering av offshore oljeinstallasjonar og bygge utjamningsleidningar mellom land.
Relaterte artikler
-
Vard designer kabelleggingsfartøy
14.09.2017 -
Utvikler verdens største kabellegger
29.08.2017 -
- Svært viktig kontrakt for Kleven
18.09.2015