Nyheter
Oceanic Sirius er overlevert
                                            Publisert: 04.10.2011
                                        
                                    Oceanic Sirius er designa og bygd etter strenge miljøkrav og utstyrt med toppmoderne teknologi for seismiske undersøkingar. Skipet er eigd av ein joint venture mellom Eidesvik og CGGVeritas. Oceanic Sirius vart døypt i Ulsteinvik 1. oktober. Ho er søsterskip til Oceanic Vega, levert frå Ulstein i juli 2010.
– Vi er stolte av å ha levert det som vert rekna som eitt av verdas mest avanserte seismikkskip. Vi er overtydde om at eigarane vil få stort utbytte av det nye fartøyet, seier administrerande direktør i Ulstein Verft, Karsten Sævik.
Eidesvik er kjende for sitt fokus på miljøvennlege løysingar og ønske om å vere tidleg ute med miljøriktige skip. Administrerande direktør i Eidesvik, Jan Fredrik Meling, seier dette om det nyaste skipet: – Vi er svært nøgde med å overta endå eit skip av Ulstein-kvalitet. Skipet er designa og bygd med fokus på reduserte utslepp til omgjevnadene og eit best mogleg arbeidsmiljø for dei om bord. Dette er det tredje skipet i flåten med X-Bow, og basert på erfaringane med dei to første, Viking Poseidon og Oceanic Vega, har vi store forventningar til Oceanic Sirius.
CGGVeritas vert rekna som ein innovativ og ansvarleg tilbydar av geofysisk teknologi og utstyr og geofysiske tenester. Konserndirektør i CGGVeritas, Jean-Georges Malcor seier: – Vi ser fram til at Oceanic Sirius vil måle seg med prestasjonane til søsterskipet Oceanic Vega. Ho er designa for optimal framdrift og seismisk pålitelegheit. Dette sikrar minimalt med operasjonelle avbrot og vil gjere henne til eit verdifullt tilskot til CGGVeritas sin seismikkflåte.
Oceanic Sirius er det andre av to skip av typa SX120 designa av Ulstein Design & Solutions. Det er eit kraftig seismikk- og forskingsskip med ei dynamisk tauekraft på 140 tonn. Skipet kan utføre store 3D-, 4D- eller high resolution-prosjekt. Skipet sine 20 streamervinsjar kan kvar spole ni kilometer med streamer. Oceanic Sirius er klassifisert med ICE C-klasse og kan dermed operere i kalde farvatn.
Les full presentasjon av Oceanic Sirius i Maritimt Magasin nr. 10 som kommer ut 26. oktober.
Relaterte artikler
- 
    
- 
                                                            Enda en ombygging for Green Yard Kleven30.01.2025
- 
    
- 
                                                            GC Riebers nye kraftplugg25.04.2014
- 
                                                            Far Sirius døpt i Ålesund07.04.2014
- 
                                                            Subseakjempe til Siem Offshore24.02.2014
- 
                                                            Kongsborg døpt i Stavanger17.06.2013
- 
                                                            Leieavtale for GC Riebers subsea-nybygg08.03.2013
- 
                                                            Avansert IMR-fartøy på langtidskontrakt15.02.2013
- 
                                                            Seven Viking klar for Nordsjøen30.01.2013
- 
                                                            Ulstein leverer ny Viking30.08.2012
- 
                                                            GC Rieber kontraherer hos Ulstein01.06.2012
- 
                                                            Ocean Pride døpes lørdag02.02.2012
- 
                                                            Rett på jobb i Nordsjøen25.11.2011
- 
                                                            Oceanic Sirius med teknologi i verdensklasse28.10.2011
- 
                                                            Fugros nye ROV fartøy har kjempekrefter21.06.2011
- 
                                                            Havila Subsea døpt i går17.06.2011
- 
                                                            Normand Oceanic døpes lørdag01.04.2011
- 
                                                            Storkontrakt til Ulstein Verft11.02.2011
- 
                                                            Acergy Havila snart leveringsklar02.09.2010
- 
                                                            Dåp av Geo Coral og Island Enforcer11.08.2010
- 
                                                            Avklaring om Deep Cygnus01.07.2009
- 
                                                            Viking Poseidon på sjøen22.09.2008
- 
                                                            Milliardkontrakt til Eidesvik30.04.2008
