Oljeindustrien nær friskmelding

Publisert: 28.08.2018
– Me ventar om lag 1200 utstillarar til årets ONS. Utstillinga blir dermed like stor som tidlegare. Men me merkar at nokre utstillarar treng litt meir tid til å bestemma seg for deltaking denne gongen.

Det er ONS-general, Leif Johan Sevland, som seier dette. Han lovar eit arrangement i Stavanger mellom  27. og 30. august som blir minst like innhaldsrikt og stort som for to år sidan.

Nytt i år Nytt av året for utstillarane er ei tilrettelagt scene i hall nummer fire kor einskilde firma, små og mellomstore, får høve til å framføra korte presentasjonar av sine produkt og sin teknologi. Dei mange teknisk interesserte får dessutan eit rikt tilbod gjennom det tettpakka programmet av såkalla tekniske sesjonar under ONS-veka, kor det i alt skal haldast 170 presentasjonar eller foredrag fordelt på 27 ulike temaseminar eller sesjonar. Digitalisering blir i år eit gjennomgangstema. 22 av sesjonane handlar om ny teknologi i petroleumssektoren. Men i tillegg kjem fem sesjonar om nye mogelegheiter for offshoreserviceindustrien, til dømes innan havbruk.

Les mer i Maritimt Magasin nr. 08-2018, i salg fra 27. august.



Bladet distribueres gjennom Bladcentralen i Norge og Interpress i Sverige. Kjøp bladet i nærmeste butikk eller bestill abonnement nå!
 
Finner du ikke bladet i hyllen? Si fra til betjeningen at Maritimt Magasin mangler! Antall utsalgsteder og blader i hyllen tilpasses etter etterspørsel. De fleste butikksjefer setter pris på tilbakemeldinger fra sine kunder, så ikke vær redd for å si fra.

 

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler