Olympic Intervention IV levert tre dagar før tida

Publisert: 11.07.2008

Ulsteinkonsernet leverte Olympic Intervention IV til Olympic Shipping i dag 11. juli. Dette er tre dagar før kontraktsfesta tid, og skipet er dermed klart for djupe utfordringar i Mexicogulfen.

Fartøyet er eit kombinert ROV subsea konstruksjonsfartøy og multifunksjonelt plattformforsyningsfartøy. Skipet er chartra av Oceaneering International, Inc og skal i kontrakt for Shell i US Mexicogulfen. - Våre medarbeidarar har samarbeida svært godt med reiarlaget og på tversav selskap i konsernet, og eg er stolt over at vi klarer å levere før kontraktfesta tid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet.

-Vi har hatt sju veker kortare byggetid på dette fartøyet i forhold til søsterskipet Olympic Triton. Vidare har vi hatt store forseinkingar på viktig utstyr fra leverandørar. Likevel har vi klart å opprettholde kvalitet og leveringspresisjon, seier administrerande direktør i Ulstein Verft Karsten Sævik fornøgd.

-Med stor etterspurnad innan subsea-operasjonar er ULSTEIN P101 ein ettertrakta fartøytype. Skipet kan utføre operasjonar på havbotnen over heile verda. Dette fekk vi bekrefta når Oceaneering, Shell sin største operatør på drilloperasjonar på havbotnen, chartra fartøyet for fem år, fortel dagleg leiar Bjørn Kvalsund i Olympic Shipping.

Oceaneering International, Inc. annonserte nyleg at Olympic Intervention skal ut i kontrakt for Shell sitt utviklingsprosjekt Perdido i US Mexicogulfen. Skipet skal utføre installasjonsoppgåver på ekstremt djupt vatn.



-Det var avgjerande for oss å ha chartra Olympic Intervention IV for åvinne kontrakten med Shell. Skipet er bygd for arktiske farvatn og dettegjer skipet betre eigna for tøffe vêrforhold, uttalte T. Jay Collins, President og Chief Executive Officer i Oceaneering International, Inc i ei pressemelding 8. juli 2008.

Olympic Intervention IV er den tredje ULSTEIN P101-designen bygd i Ulsteinvik. Fartøyet vert utstyrt med mange avanserte system og løysingar frå Ulstein Elektro som ULSTEIN IAS® (integrert automasjonssystem) og ULSTEIN COM® (kommunikasjonssystem).Sjølve fartøyet er 95 meter langt og 20,5 meter breitt, og er innreidd for 100 personar. ULSTEIN P101 har særs gode sjøeigenskapar med rolege rørsler, og er ei fin arbeidsplattform for dei fleste operasjonar. Fartøyet er utstyrt med helikopterdekk, ei 150 tonns hiv kompensert offshorekran og to miniubåtar frå Oceaneering. Brennestart for skipet var april 2007, og skroget kom til Ulsteinvik frå Polen i starten av februar 2008.

Olympic Intervention IV vert døypt i Ålesund laurdag 12. juli under Ålesund Båtfestival. Skipet vil ruve i bybiletet i Ålesund under Båtfestivalen på laurdag. Olympic Intervention IV vert døypt på Skansekaia klokka 14:00, og alle er velkomne til å oververe dåpsseremonien.

Frå klokka 15:30 til 18:30 vert det også mogleg å få seg ein tur om bord, då det vert ope skip med jobbmesse.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler