Olympic kontraherer enda eit nybygg frå Kleven

Publisert: 20.01.2011


Olympic Shipping har skrive kontrakt med Myklebust Verft, eit verft i Kleven Maritime- konsernet, om levering av eit avansert fleirbruks plattformservicefarty, design MT 6009 L frå Marin Teknikk. Fartyet skal utrustast ved Myklebust Verft i Gursken. Leveringsdato er sett til september 2011. Årsaka til den raske leveringa er at ein nyttar eit skrog som allereie er ferdig, og som ligg klart til utrusting.

For dei tilsette ved Myklebust Verft tyder dette at ein slepp driftsstans og permitteringar, som ein elles har budd seg på vil kome. Før denne kontrakten låg det an til eit opphald i drifta på 2-3 månader, noko ein no ikkje vil oppleve. Kontrakten er såleis særs kjærkomen for verftet.

Fartyet, som er utforma av Marin Teknikk i Tjørvåg, har ei lengd på 79,7 meter, breidde på 16,4 meter og eit dekksareal på 745 m2. Dødvekta er på om lag 3500 tonn. Fartyet har stor innreiing med plass til 40 personar og inneheld innretningar som gjer fartyet godt eigna for ROV- og konstruksjonsoppdrag.

Kleven Maritime har no ein ordrereserve på 11 skip til ein samla verdi på 4,5 mrd.

Med denne kontrakten har Olympic i løpet av kort tid kontrahert tre skip til ein samla kontraktssum på over 1 mrd NOK ved Kleven Maritime.

– Vi er glade for å ha gjort kontraktane med eit lokalt verft der store deler av underleveransane til skipa kjem frå lokale aktørar. Dette viser at den lokale maritime næringsklynga er konkurransedyktig, seier reiar Stig Remøy.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler