Nyheter
Olympic tar levering av Olympic Boreas
Publisert: 26.07.2024
CSOV-skipet «Olympic Boreas»’ er levert til Olympic av Ulstein Verft . Skipet er det første av to søsterskip, basert på ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS.
Olympic Boreas er designa med TWIN X-STERN og har ei unik hybrid kraftintegrasjonsløysing. Skipet har installert heistårn og gangveg, og har plass til 126 personar, alle i lugarar med dagslys. Innreiinga femner vidare om kontor, salongar og dagrom, to spelerom og eit treningsrom for å gjere skipet til ein «heim-borte-frå-heimen».
Skipet er nominert til Årets Skip.
GODT SAMARBEID
Konsernsjef Stig Remøy i Olympic Group framhevar godt samarbeid.
– Vi er stolte av å ta imot Olympic Boreas, eit innovativt og framtidsretta fartøy. Dette skipet er eit produkt av det gode samarbeidet mellom Ulstein og Olympic og styrken i den maritime klynga i vår region, og vil spele ei viktig rolle i våre framtidige operasjonar innan offshore energi. Vi ser fram til å bruke dette høgkvalitetsfartøyet for å fremje berekraftige, effektive, og sikre operasjonar i bransjen.
– Saman med Olympic har vi utvikla og bygd eit førsteklasses skip, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
– Vi har samarbeidd med Olympic på mange tidlegare prosjekt og er takksame for at dei nok ein gong valde Ulstein til dette innovative nybygget. Eg er stolt over at vi no har levert dette høgkvalitets, neste-generasjons skipet til offshore energiindustrien. Dette skipet vil reiarlaget ha glede av i mange år framover.
LIVSSYKLUSVURDERING
Olympic og Ulstein samarbeider med andre aktørar i eit prosjekt for å utvikle ei livssyklusvurdering av nye skip, med fokus på Olympic Boreas og søsterskipet. Det er avgjerande at livssyklusanalyse vert tatt med ved bygging og idriftsetting av skipa for å kunne vurdere miljøpåverknaden av maritime teknologiar og identifisere alternative låg- og nullkarbondrivstoff som kan bidra til å redusere drivhusgassutsleppa frå skip.
Skipet er eit resultat av innovasjonskrafta til det norske maritime clusteret, designa og bygd av Ulstein-gruppen, med store leveransar frå mellom anna Kongsberg, Motus, Acel, Mare Safety, Corvus.

Les meir om skipet i papirutgåva av Maritimt Magasin
Relaterte artikler
-
Medstraum Ship of The Year
06.09.2022 -
Her er de tre nominerte til Ship of the Year
11.06.2021 -
Kandidatene til Ship of the Year er klar
08.06.2020 -
«Future of The Fjords» er Ship of the Year
05.09.2018 -
Seven Borealis nominert til Årets Skip
15.01.2013