Nyheter
Opplag for to nye Island Offshore-båtar
Publisert: 09.03.2016
Island Offshore har beslutta å legge plattformforsyningsfartøya Island Dragon og Island Duchess i opplag med umiddelbar virkning.
Island Dragon har vore på kontrakt med Lundin Norway sidan den vart levert sommaren 2014, og vert no erstatta av Island Commander. Grunnen for byte er eit ynskje frå oljeselskapet om ein båt med mellom anna større dekksareal, og Island Commander har i løpet av siste vekene blitt klargjort med standbyutstyr.
– Marknadssituasjonen i spoten er framleis særs svak, og vi kan difor ikkje forsvare å ha Island Dragon i dette markedet framover. Dette betyr at vi må leggje fartyet i opplag på ubestemt tid. Då Lundin er ein viktig kunde for oss, ynskjer vi å vise fleksibilitet i forhold til å tilpasse oss endra behov. Det er ei ubetinga styrke at vi kan imøtekome dette, seier administrerande direktør Håvard Ulstein.
Island Duchess har i ei tid vore i Las Palmas, tilgjengeleg for oppdrag utanfor Afrika. Mangelen på oppdrag også her har gjort at Island Offshore har bestemt å ta Island Duchess av marknaden, og legge båten i opplag. Båten er no komen til Ulsteinvik.
– Vi har starta prosessen med dei tillitsvalde for å bli samde om gjennomføring av bemanningsreduksjonar, seier Ulstein i pressemeldinga.
Med dette har Island Offshore fire PSVar i opplag, samt tre LWI- fartøy og eit ROV/konstruksjonsfartøy i vinteropplag. To av LWI-fartøya har starta mobiliseringa for årets kampanje for Statoil som startar 1. april.
Relaterte artikler
-
35 blir sagt opp
15.11.2017 -
200 må gå
13.02.2017 -
Rolls-Royce skal nedbemanne mer
01.12.2016 -
EMGS reduserer
14.04.2016 -
Kontoransatte sies opp i Farstad Shipping
01.03.2016 -
Havyard innfører firedagersuke
19.02.2016 -
Frivillig lønsreduksjon i Olympic
15.02.2016 -
Havyard nedbemanner med 100 årsverk
13.08.2015 -
200 må gå fra Rolls-Royce før ferien
19.05.2015 -
Subsea 7 sier opp 2.500 og selger 11 skip
12.05.2015 -
Wärtsilä nedbemanner på Rubbestadneset
01.11.2012 -
15 oppsagt ved Havyard Tomrefjord
05.05.2010