Overlevering av Røde Kors-båt

Publisert: 04.07.2022
image0.jpeg
Etter solid innsats med intens jobbing var redningsbåten til Hordaland Røde Kors, RC Bjørgvin, endeleg klar for levering. Foto: Mare Safety.
– Dette er ei skute vi er veldig stolte av å levere frå oss. Ikkje berre har båten unike sjøeigenskapar, den vil også gjere det viktige arbeidet for Røde Kors i Hordaland meir effektivt, fortel dagleg leiar i Mare Safety, Are Garshol.

AUKANDE UTRYKKING
Røde Kors i Hordaland er ein viktig del av beredskapen på sjø i sin region, der dei hjelper til i søk og direkte redningsaksjonar i sitt området. Berre det siste året har dei måtte rykke ut til langt fleire oppdrag enn året før, og oppdragsmengda er dessverre aukande.

– Nettopp derfor er det så ekstremt viktig at vi har ein båt som fungerer optimalt i alle situasjonar. Det har vi no fått, takka vere eit fantastisk samarbeid med Mare Safety, skryt Terje Hårvik, leiar for Røde Kors-båten i Hordaland. 

– Etter 15 år har den gamle slitaren gjort jobben sin. Og med hjelp av kronerulling og innsamling dei siste åra fekk vi endeleg moglegheita til å investere i ein ny og meir kostnadseffektiv redningsbåt.

ALLEREIE I TENESTE
– Etter 9 timar på blikstille hav og i strålande sol, la båten til kai ved Røde Kors sitt anlegg i Laksevåg i Bergen. Her vart vi godt mottekne av ein stor velkomstkomité med norske flagg og grillfest på kaia. Men grillfesten blei kort. Allereie etter ein halvtimes landligge måtte båten i teneste for redningssentralen og ut på sitt første redningsoppdrag, fortset Torstein. 

– På dette prosjektet har kunden aktivt vore med for å fremme sine krav og forventingar til båten. Deira kunnskap om redningsaksjonar på havet kombinert med Mare sin fleksibilitet og kunnskap til båtbygging har resultert i eit fantastisk verktøy, som vi meiner vil vere avgjerande i arbeidet med å redde mange liv til havs i åra som kjem. Vi gratulerer Røde Kors i Hordaland med Noreg sin råaste redningsbåt, seier Are Garshol.
 
Sjå omtale av RC Bjørgvin i Maritimt Magasin nr. 9

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler