Nyheter
Polarcus Adira levert frå Ulstein
Publisert: 22.06.2012
Ulstein Verft leverte det høgteknologiske seismikkskipet Polarcus Adira til Polarcus torsdag 21. juni 2012. Skipet, som er av designen SX134 frå Ulstein, vert fartøy nummer åtte i seismikkselskapet Polarcus sin flåte av moderne og avanserte seismikkskip – alle med design frå Ulstein.
– Ulstein sette standarden då dei leverte Polarcus Amani på tid i mars i år, og med leveringa av Polarcus Adira har dei igjen vist at dei er ein påliteleg partnar som evnar å levere kvalitetsskip på tid, seier konsernsjef i Polarcus, Rolf Rønningen.
Polarcus Adira går ut i sitt første oppdrag for TGS-NOPEC Geophysical Company (TGS) i Nordsjøen kort tid etter overlevering.
Tilbakemeldingane på Polarcus Amani etter dei første månadane i oppdrag stadfestar kvalitetane til designen og kvaliteten på skipet. – Polarcus Amani har operert trygt, effektivt og i forkant av tidsplanen etter levering i mars. Vi, og kundane våre, er så langt svært nøgde med skipet, seier Duncan Eley, Senior VP Marine Acquisition i Polarcus.
– Samarbeidet med Polarcus har vore svært givande og godt, og vi ønskjer dei velkomne tilbake til Ulstein, seier administrerande direktør i Ulstein Verft, Karsten Sævik. I tillegg til design og bygging, har konsernet levert tavler og kommunikasjons- og informasjonssystemet Ulstein COM til Polarcus Adira. Ei rekke miljøinitiativ er tekne under design og bygging av Polarcus Adira. Skipet sitt doble skrog og avanserte reinsesystem for ballastvatn og slagvatn reduserer utslepp til sjø til eit minimum. Polarcus Adira går på marine gassolje (MGO) med lavt svovelinnhald, og er utstyrt med katalysatorar som reinsar eksosen før den slepp ut i atmosfæren. Det er òg utstyrt med dieselelektrisk framdriftssystem. Skipet si skroglinjeform, X-Bow, er eit anna grønt tiltak, i det at forma reduserer drivstoff-forbruket og dermed utslepp til luft. Polarcus Adira oppfyller krava til notasjonen Clean Design frå Det Norske Veritas (DNV). Redusert drivstoff-forbruk og mindre miljøutslepp er ikkje dei einaste fordelane til X-Bow. Den gir òg skipet framifrå sjøeigenskapar som gir dei om bord ein trygg og komfortabel arbeidsplass, og då særleg i grov sjø. X-Bow eliminerer stamping og gir auka komfort for mannskapet. Polarcus Adira er designa og bygd for operasjonar i arktiske farvatn. Det har notasjonane ICE-1A* og Winterized Basic frå DNV, og kan operere i førsteårsis med inntil ein meters tjukkleik utan assistanse frå isbrytar. Heile skroget er forsterka med tjukkare spant og hudplater, og skipet er utstyrt med avisings- og isavvergande system på kritiske tankar og rør. Propellar, gir og thrusterar er dimensjonerte for operasjonar i is. Rømingsvegar og redningsutstyr er også sikra mot nedising under arktiske oppdrag. Polarcus Adira er eit 3D-seismikkfartøy med 12-14 streamerar (hydrofonkablar). Fartøyet har to arbeidsbåtar og ein MOB-båt om bord. Seismikkoperasjonsromet går over to dekk og er plassert midtskips i nærleiken av seismikkvinsjane på arbeidsdekk. Polarcus Adira er utstyrt med helikopterdekk for styrka tryggleik og effektive mannskapsbyte. Det er òg bygd i samsvar med IMO sine tryggleikskrav for spesialfartøy (Special Purpose Ships (SPS)), noko som mogleggjer operasjonar verda over. Skipet er 92 meter langt og 21 meter breitt. Det har ei slepekraft på 82 tonn under seismiske operasjonar og ei toppfart på 17 knop. Skipet har permanent kapasitet for 60 personar fordelt på 32 enkle og 14 doble lugarar. I tillegg er der messe med plass til 43 personar, dagrom, internettkafé, treningsrom og sauna, samt sjukestove, kontor og konferanserom. |
Relaterte artikler
-
North Star Shipping tilbake til Vard
09.05.2023 -
Første brønnbåt fra Kleven-konsernet
24.03.2017 -
Boring er i gang på Johan Sverdrup
01.03.2016 -
Kongsborg døpt i Stavanger
17.06.2013 -
Rett på jobb i Nordsjøen
25.11.2011 -
Skandi Aker klar for oppdrag
14.05.2010