Rekordkontrakt for Kleven med Østensjø

Publisert: 22.10.2013
Kleven_ostensjo-221013.jpg
Konsernsjef i Kleven Ståle Rasmussen og adm. dir. Johan Rokstad i Østensjø Rederi


Kleven har inngått kontrakt med Østensjø Rederi i Haugesund om bygging av eit 150 meter langt offshore-konstruksjonsfartøy. Kontrakten har ein verdi på ca 1,4 milliardar kroner, og er dermed den største enkeltkontrakten konsernet har inngått nokon gong. Det svært avanserte fartøyet av typen SALT 304 OCV skal mellom anna utstyrast med ei 400-tonnskran og ei 70-tonnskran, tårn for handtering av utstyr som skal settast ned på havbotnen og karusell for rørlegging. 

– Det er veldig hyggelig for Østensjø Rederi å kunne bygge dette skipet i Noreg. Vi har hatt gode erfaringar med Kleven tidlegare, så vi ser fram til å fortsette samarbeidet med dei. Vi ser på Kleven som ein svært kompetent og innovativ skipsbyggar, seier Johan Rokstad, administrerande direktør i Østensjø Rederi.

– Det er svært kjekt å kunne ønskje Østensjø velkomen attende til Kleven-systemet, ti år etter at vi leverte båt til dei sist, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. – Det er tøff internasjonal konkurranse om nybyggingsoppdraga, og vi er glade for at vi vinn fram i konkurransen om å bygge dette særdeles avanserte fartøyet. Vi har investert mykje dei siste åra for å sikre fortsatt skipsbygging ved verfta våre, og delar av dette fartøyet vil verte produsert på den nye automatiserte robotsveiselinja som vert tatt i bruk i desse dagar, seier Rasmussen.

Fartøyet skal leverast frå Kleven Verft i første kvartal 2016, og går då ut i eit langtidsoppdrag for DeepOcean. Kleven har no 13 fartøy i ordreboka, til ein samla verdi av ca. 7,9 milliardar kroner.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler