Nyheter
Rem Hrist levert frå Ulstein Verft
Publisert: 04.03.2011
Byggenummer 288 frå Ulstein Verft, plattform forsyningsskipet Rem Hrist, vart 3. mars 2011 levert til Remøy Shipping.
Rem Hrist er Remøy Shipping sitt første fartøy frå Ulstein Verft. Systerskipet Rem Mist, byggnummer 289, er under bygging og skal leverast denne våren.
Skipet er ein stor PSV, og er utstyrt med multilastetankar for tørre og våte medium. Det har 360 graders fri sikt frå brua, som følgje av den særmerkte eksosløysinga, der eksosen vert ført ut i skutesida rett over vasskorpa i staden for å bli ført i rør gjennom styrehustaket.
Designen PX105 frå Ulstein er eitt av dei mest attraktive Ulstein-designa, og kaptein Ole Petter Nygjerde frå Remøy Shipping ser fram til å ta skipet ut i Nordsjøen. Skipet har kontrakt for åtte år med Statoil.
Du kan lese mer om Rem Hrist i Maritimt Magasin nr. 3 2011 som kommer i butikkene 16. mars.
Relaterte artikler
-
Rem utsetter levering fra Vard
19.12.2014 -
Rem Offshore kontraherer PSV
23.01.2014 -
Rem har kontrahert ved Kleven
04.02.2013 -
Rem Commander gikk rett på oppdrag for MLS
02.09.2011 -
«Skorsteinløst» supplyfartøy
21.03.2011