Rem Mist overlevert

Publisert: 06.05.2011
rem_mist2-060511.jpg
Ronny Dimmen, Geir Remøy, Karsten Sævik, Andre Søvik, Per Gunnar Jarnes


Ulstein Verft overleverte plattformforsyningsskipet Rem Mist til Remøy Shipping 5. mai 2011. Skipet, som er byggnummer 289 frå Ulstein Verft, vart levert ein dag før kontraktsfesta dato.

Under markeringa ved Ulstein Verft i høve overleveringa, framheva administrerande direktør i Remøy Shipping, Per Gunnar Jarnes, Ulstein si evne til å levere avanserte skip på tid – ja til og med før tida i dette tilfellet. – For å lykkast i den globale marknaden, må ein fokusere på og vidareutvikle det ein er best på, og det viser Ulstein at dei har lykkast med, sa Jarnes i talen til dei tilsette.

Rem Mist er ein stor PSV utstyrt med multilastetankar for tørre og våte medium. Det har 360 graders fri sikt frå brua som følgje av den særmerkte eksosløysinga der eksosen vert ført ut skutesida rett over vasskorpa, og ikkje i rør gjennom styrehustaket.

Rem Mist er det andre fartøyet Ulstein leverer til Remøy Shipping. Systerskipet Rem Hrist, byggnummer 288, vart levert i byrjinga av mars i år. Begge skipa har kontrakt for åtte år med Statoil i Nordsjøen.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler