Risnes har levert to oppdrettsbåtar

Publisert: 30.07.2013


Risnes Marine Craft as overlevert måndag 22. juli to arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa til Mainstream Norway AS i Finnmark.

Begge båtane er av den nye typen Risnesbåtar, katamaranbåtar produserte i aluminium og konstruerte for å tola nye og skjerpa krav m.a. til stabilitet. Sjølve overleveringa skjedde på industriområdet på Sunde, og båtane set kursen nordover i dag. Den eine båten går direkte til Finnmark, medan den andre skal innom Trondheim, der han skal visast fram på Aqua Nor, verdas største oppdrettsmesse, i august.

Mainstream Finmark har no 10 Risnesbåtar, desse to er dei fyrste i aluminium.

– Vi har eit veldig greitt samarbeid med Risnes, og dei leverer alltid eit produkt i samsvar med det som er avtala, seier Hans Arne Sørnes, teknisk sjef i Mainstream Finmark. Han var til stades under overleveringa, saman med drifts-og servicekoordinator Stig Omar Hansen.

– Mainstream er vår beste og største kunde. Vi har eit godt samarbeid, der dei medverkar til ei kontinuerleg produktutvikling av båtane gjennom tilbakemeldingar til oss, seier dagleg leiar Ronald Hellenes i Risnes Marine Craft as. Saman med senior produktingeniør Ole Risnes driv han no vidare Risnes-selskapet, som har spesialisert seg på båtar for oppdrettsnæringa.

Eit litt større skrog er under produksjon i Polen. Også denne båten skal utrustast på Sunde, og skal leverast til Firda Sjøfarmer.

Skroga er produserte i Polen og kom til Sunde sju veker før levering. Risnes Marine Craft as har ansvar for utvikling, design og sal for dei i to røktarbåtane.

Båtane, Kvitnes og Kvaløya er 13 meter lange, 6,5 meter breie. Kvar båt er utstyrt med to 270 hk Sabb Iveco framdriftsmotorar, som gjev ein marsjfart på 16-17 knop.

Kim

Relaterte artikler