Romsdal får miljøferjer

Publisert: 04.10.2017
Enova har gitt Møre og Romsdal fylkeskommune tilsegn om inntil 46 millionar kroner til infrastruktur for å lade ferjene ved kai.

Støtta gjer at fylkeskommunen kan stille strengare miljøkrav mellom anna når ferjesambanda Sølsnes–Åfarnes (på vegen mellom Molde og Åndalsnes) og Aukra–Hollingsholm no skal lysast ut på anbod, melder Enova i eit presseskriv.
 

Fordi sambanda er svært energikrevjande og liggetida ved kai er rundt 3–4 minutt, blir det behov for ein svært effektiv ladeteknologi. Teknologien har allereie utvikla seg betydeleg gjennom dei tidligare ferjeanboda, og Enova meiner Noregs verdsleiande maritime næring har føresetnader til å drive teknologiutviklinga framover, og at prosjekt som dette spelar ei viktig rolle:

– For å få fleire leverandørar på banen og bygge denne marknaden, er det viktig med tydelege signal frå myndigheiter og oppdragsgivarar om at elektrifisering er vegen framover. Derfor er vi glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett med dei høge ambisjonane sine, seier marknadsdirektør Audhild Kvam i Enova.

Oppstart for Romsdalspakken er januar 2020, og alle hybridferjene vil være på plass innan 2023. Enova har med dette gitt tilsegn til elektrifisering av i alt 26 ferjesamband i Møre og Romsdal, Hordaland og Sør-Trøndelag.

Kurt Vadset

Relaterte artikler