Nyheter
Samarbeider om mogleg fregattkontrakt
På Undersea Defence Technology-konferansen 26. mars 2025 signerte thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein Verft ein intensjonsavtale om felles innsats for å levere dei neste avanserte fregattane til den norske marinen.
I Flåteplanen av 2024 er det lagt opp til at Noreg skal skaffe fem eller seks fregattar til erstatning for fregattane i Fridtjof Nansen-klassen. Aktuelle kandidatar er den britiske Type 26, den tyske F127, den amerikanske Constellation-klassen og den franske FDI.
TYSK-NORSK INDUSTRISAMARBEID
tilfelle kontraktstildelinga går til thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein Verft, vil ein vesentleg del av verdiskapinga finne stad i Noreg.
I intensjonsavtalen kombinerer ein toppmoderne teknologi frå tyske thyssenkrupp Marine Systems og lokal skipsbyggingsekspertise i det norske familieeigde Ulstein Verft.
– Medan thyssenkrupp Marine Systems har lange tradisjonar i design og bygging av marinefartøy, har Ulstein lang erfaring med unike design og løysingar for sivile fartøy som arbeider innan krevjande maritime operasjonar. Begge selskapa har ein industriell arv frå skipsbyggingsindustrien innan ulike marknader knytt til skipsdesign og skipsbygging, og er kjende for velprøvde, avanserte og utrustningsintensive skip, fortel administrerande direktør ved Ulstein Verft, Lars Lühr Olsen.
thyssenkrupp Marine Systems sin F127-fregatt er basert på det velprøvde MEKO A-400-designet, som har vore etablert i meir enn 20 år i ulike fregattklassar, og bygd på verft over heile verda. thyssenkrupp Marine Systems er allereie involvert saman med den norske marinen i bygginga av 212CD-ubåtar saman med Tyskland.
thyssenkrupp Marine Systems er eit av verdas leiande marine selskap med 8 000 tilsette ved tre verft i Kiel, Wismar og Itajaí (Brasil), og med lokasjonar over heile verda. Selskapet er aktiv som systemleverandør for ubåtar og marine overflatefartøy og for maritime elektronikk- og sikkerheitsteknologiar. Rundt 3 300 tilsette arbeider ved Kiel-anlegget, som gjer det til den største skipsverftslokasjonen i Tyskland.
FREGATTANE VERT UTRUSTA I NOREG
- Ulstein Verft har eitt av dei mest moderne skipsbyggingsanlegga i Noreg. Gjennom intensjonsavtalen arbeider Ulstein Verft langs ei ny retning parallelt med den sivile skipsbyggingsaktiviteten vår. Dersom fregattprosjektet vert tildelt vår samarbeidskonstellasjon vil vi sjå på moglege investeringar for å vidareutvikle produksjonen ved anlegget vårt, seier Olsen.
Han held fram:
- Ulstein Verft har ei historie som går tilbake til 1917 og har brei erfaring med toppmoderne, avanserte fartøy, både nybygg, oppgraderingar og service. Vi har dei fleste skipsbyggingsdisiplinane representerte ved det kompakte verftet vårt i Ulsteinvik og ser eit stort potensial i å samarbeide med thyssenkrupp Marine Systems i dette prosjektet.
Verdiskaping i den maritime klynga
– Ved å slå saman kreftene i thyssenkrupp Marine Systems og Ulstein, kombinerer vi ekspertisane våre for å levere toppmoderne marine løysingar samtidig som vi styrkar Noreg sin industrielle kapasitet. Vi er glade for denne moglegheita til å bygge eit langsiktig partnarskap som gagnar den maritime klynga. Avtalen er av stor verdi med omsyn til kompetanse og kunnskap, og er svært viktig for lokalsamfunnet og regionen.
- Ser ein på dette i eit lengre tidsperspektiv der levetida til fartøya blir tatt i betraktning, med behovet for vedlikehald, oppgraderingar og modernisering, er Ulstein Verft si geografiske plassering ideell for best mogleg utnytting av desse fartøya, avsluttar han.
– Denne avtalen er ein milepåle i vårt engasjement for den norske industrien, seier Joachim Wacker, leiar for produktsal og produktstrategi i thyssenkrupp Marine Systems. - Ulstein er ein skipsbyggar i verdsklasse med djupe røter i Noreg, og saman vil vi skape avanserte og veleigna fregattar som møter behova til den norske marinen. Vi ser fram til eit vellykka samarbeid som vil strekke seg langt utover dette prosjektet.
Relaterte artikler
-
Strategisk samarbeid om fregattanskaffelse
20.11.2024 -
Vard kan og vil bygge for Forsvaret
23.09.2024 -
Ubåtprosjektet er i rute
28.11.2018 -
Kleven med intensjonsavtale
20.11.2017 -
Intensjonsavtale for Farstads nybygg
23.02.2015