Sebastian AS leverar spesialkompetanse

Publisert: 21.03.2014


I eit samarbeid mellom Sebastian AS i Ulsteinvik og reiarlaget Norshore Management AS er det utvikla eit nødstengesystemet til det avanserte boreskipet «Norshore Atlantic». Skipet er nettopp overlevert frå eit verft i Indonesia.

Tenestene frå Sebastian har vore avgjerande for at reiarlaget skulle kome i mål med prosjektet, heiter det i ei pressemelding. Det er utvikla eit system for nødavstenging, eller såkalla ESD – emergency shut down, som skal avdekke giftig eller eksplosiv gass og stenge av.

– Vi har gitt råd om kvar detektorane skal plasserast og syte for at designfilosofien heng saman slik at det heile fungerer optimalt, seier Prosjektleiar Stein Vik i Sebastian. Han er stolt av at selskapet har vore med på det som har blitt ei suksesshistorie. Reiarlaget har gjort det klart at dei ikkje hadde kome i mål utan hjelpa frå Sebastian.

– ESD er eitt av spesialområda våre. Gjennom dette prosjektet har vi fått vise fram den unike spesialkompetansen vår. Vi har opplevd at det har kome endringar i vegleiingsdokument som følgje av det vi har gjort med «Norshore Atlantic». Arbeidet med boreskipet gjorde elles Norshore til ein av dei største kundane våre i 2013, fortel Vik.

Norshore Management er eit nytt reiarlag, og borefartøyet som nettopp er levert er det første skipet til selskapet. No har reiarlaget bestemt seg for å byggje ein båt til, denne gongen ved eit verft i Kina. I den samanheng har Sebastian fått ein avtale med Marin Teknikk om å levere ein dokumentasjonspakke for nybygget. I tillegg ønskjer Norshore å engasjere Sebastian til å følgje opp verftet i Kina.  

Sebastian AS er eit selskap som har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshore-installasjonar. Det vart etablert i 1994. Selskapet har i dag ti tilsette, med hovudkontor i Ulsteinvik sentrum. Dagleg leiar er Johannes Kristian Bjøringsøy.

Kim

Relaterte artikler