Nyheter
Sebastian AS leverer FMEA-verifikasjon
Publisert: 29.08.2012
Konsulentfirmaet Sebastian AS har gjort avtale med det verdsleiande seismikkselskapet Petroleum Geo-Services (PGS) om å levere såkalla FMEA-verifikasjon. Ulstein-firmaet vil på dette oppdraget gå igjennom arbeid som Det Norske Veritas skal utføre på dei nye PGS-skipa.
Kjenneteiknet for desse PGS-skipa er at dei har ei delta-form; breie og korte, og med plass for mange vinsjar. Det innovative designet er ikkje tilfeldig. PGS har i mange år vore verdsleiande på 3D-seismikk, og ønskjer no å styrke sin posisjon innanfor seismikkoperasjonar.
– PGS er kjende for å setje høge krav til leverandørane sine. I dette prosjektet leverer Sebastian FMEA-verifikasjon. Sjølve FMEA-tenesta er ein jobb som Mitsubishi-verftet i Nagasaki allereie har hyra inn ein aktør for å utføre. Sebastian får i oppdrag å utføre ein full-verifikasjon av jobben, forklarer Dagleg leiar Bjøringsøy, og held fram: – Det som er litt spesielt er at vi skal validere Det Norske Veritas, som skal gjere FMEA-jobben. På vegner av reiarlaget skal vi verifisere og revidere DNV-jobben og dei konklusjonane DNV kjem fram til.
PGS tok kontakt med Sebastian AS tidlegare i år for å få assistanse på eitt av deira farty. Sebastian meir enn innfridde forventningane til kunden. Seinare har samarbeidet blitt utvida, og til no har det hardt arbeidande konsulentfirmaet med base i Ulsteinvik utført fleire prestisjefulle oppdrag for den verdsleiande seismikk-produsenten.
– Vi er glade for at PGS vil nytte oss. Dette er eit resultat av opparbeidd tillit gjennom dei oppdraga vi har utført tidlegare i år. Vi veit også at andre reiarlag vurderer å bruke Sebastian AS nettopp til FMEA-verifikasjon. Dette synest vi er spennande, sidan det er eitt av satsingsområda våre, seier Johannes Kristian Bjøringsøy.
Relaterte artikler
-
Kongsberg og TGS samarbeider innen havvind
26.05.2023 -
Viktig kontrakt til EMGS
24.05.2016 -
PGS valgte Høglund
28.05.2014 -
PGS utøver opsjoner
15.10.2012 -
PGS gir stor kontrakt til Evotec
10.03.2011 -
PGS flagger hjem ni skip
07.10.2008