Sebastian opnar Brasilkontor

Publisert: 02.03.2015


Sebastian AS i Ulsteinvik opna 1. mars avdelingskontor i Rio de Janeiro, Brasil. Mannen som skal styre kontoret, er på plass. Jarle Uri er sunnmøring, men har budd lenge i Sør-Amerika og snakkar flytande portugisisk.

– Vi har arbeidd i lang tid for å opne eit utanlandskontor. No fall valet på Basil. Det er to grunnar til det, forklarer dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy:

– For det første har vi funne rette personen. Slike folk er vanskeleg å finne. Vi er veldig kresne, for vi skal heile tida by kundane våre dei beste tenestene.

– For det andre er det dårlege tider i offshorebransjen, men med eitt unntak: Brasil. Landet har store, tunge utbyggingar i oljesektoren framover. Dei vil trenge fartøy i avanserte DP-operasjonar. Dette er ein marknad som vi ønskjer å nå tak i, og då er det viktig å vere til stades. Vi har hatt operasjonar i Brasil sidan 2003, men store reisekostnader har gjort at vi ikkje har vore så konkurransedyktige i dette området.

Bjøringsøy legg ikkje skjul på at dette er ei stor og tung satsing frå Sebastian si side. Men han er overtydd om at dei gjer det rette.

– Jarle Uri har den rette bakgrunnen. Han har jobba både som FMEA-Auditor og som elektro/automasjonsingeniør. I tillegg har han erfaring frå avanserte DP-operasjonar om bord i skip.

Uri har også leiarbakgrunn og har jobba mange år som administrerande direktør – både i Thailand og Norge. Han kom til Rio de Janeiro i 1999, og har budd der fast sidan 2007. Derfor kjenner han forholda godt.

Kim

Relaterte artikler