Sesongopplag i Island Offshore

Publisert: 21.10.2016


Vintermånadane er i kjømda, og som følgje av det går aktiviteten i oljesektoren ned. På bakgrunn av dette vel Island Offshore å ta ut fleire fartøy i sesongopplag, kjem det fram av ei pressemelding frå reiarlaget.

Brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier gjekk av kontrakt med Statoil 20. oktober, etter å ha fullført årets kampanje, og er no venta heim for å leggast til kai over vinteren. Desse båtane går på kontrakt att 1. april neste år, og har fast kontrakt med Statoil fram til 2020. Plattformforsyningsfartøya Island Crusader og Island Clipper skal leggast stille fram til våren 2017. Island Crusader har ligge til hamn i Hjørungavåg ei vekes tid alt, og mannskapet her er permitterte i inntil 11 veker vidare. Island Clipper vert lagt ved Langneset i Tomrefjorden, og vert truleg liggande noko lenger enn Island Crusader. Målet er å kunne re-aktivere båtane fort dersom det skulle ordne seg med arbeid, heiter det I pressemeldinga.

Overkapasiteten i OSV-flåten er framleis betydeleg og ratene i spotmarknaden dertil lite berekraftige.

– Mange reiarar vel å ha fartøya gåande i spotmarknaden til rater og utnytting som er sjølvutslettande. Dette kan ikkje Island Offshore vere med på. Vi har alt ei rekkje fartøy i langtidsopplag, og ser oss no nøydde til å utvide omfanget. No er det ikkje snakk om kaldt opplag heldigvis, snarare ein vinterdvale for utvalde fartøy, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Island Offshore har med dette fem båtar i kaldt opplag: Island Duke, Island Duchess, Island Dragon, Island Express og Island Endeavour, samt sju båtar i sesongopplag: Island Frontier, Island Wellserver, Island Crusader, Island Clipper, Island Vanguard, Island Valiant og Island Spirit.

Den resterande flåten på 16 fartøy har framleis god kontraktsdekning.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler