Nyheter
Seven Viking klar for Nordsjøen
Publisert: 30.01.2013
Seven Viking vart døypt av ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø, i Stavanger i dag. Det unike nestegenerasjons inspeksjons-, vedlikehalds- og reparasjonsfartøyet (IMR) vart levert frå Ulstein Verft til Eidesvik Seven 23. januar i år.
Skipet er eit ICE-C-klassa fartøy med ein mannskapskapasitet på 90 og ein toppfart på 17 knop eigd i fellesskap av Eidesvik og Subsea 7 gjennom selskapet Eidesvik Seven AS. Skipet skal arbeide for Statoil i det barske klimaet i Nordsjøen, og skal utføre mange ulike oppgåver, mellom anna inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar av undersjøiske oljeinstallasjonar, i tillegg til avskalingsbehandling og RFO-operasjonar.
– Den samla innsatsen til og det gode samarbeidet mellom Ulstein, Eidesvik og Subsea 7 har resultert i Seven Viking – eit skip skreddarsydd for IMR-operasjonar, og som det ikkje fins maken til i marknaden, seier Stuart Fitzgerald, Vice President Norway i Subsea 7.
Jan Fredrik Meling, administrerande direktør i Eidesvik Offshore legg til: – Vi i Eidesvik er særs nøgde med det nære og konstruktive samarbeidet med Subsea 7. Forholdet mellom selskapa har utvikla seg gjennom fleire år, og gjer det mogleg for oss i samarbeid med Ulstein, å lansere dette eineståande skipet.
– Vi er stolte over å levere eit fartøy med makelaus teknisk og operasjonell kapasitet innan sitt område, og eg er viss på at Seven Viking vil innfri Statoil sine forventningar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.
Prototypfartøyet har den unike X-Bow skroglinjedesignen, som gir mindre og mjukare rørsler i transitt og auka stabilitet i dei fem meter høge bølgjene som er typiske for Nordsjøen. Trass i den svært gode stabiliteten, som vanlegvis vert sett i samanheng med storleik, er denne utgåva av Ulstein sin SX148-design kompakt, med ei lengde på "berre" 106,5 meter og ei breidde på 24,5 meter. Skipet si smidigheit gjer at Seven Viking lett kan manøvrere i tronge rom, slik som mellom plattformer, og kome til i vanskeleg tilgjengelege område.
Seven Viking har stor kapasitet til å frakte både mannskap og ein mengde subseautstyr takka vere ei smart utforming som gir maksimalt skrogvolum og der utstyret er integrert i ein stor hangar. Fartøyet sin kapasitet til å frakte alt naudsynt vedlikehaldsutstyr, gjer at det kan operere kontinuerleg, med minimal nedetid.
HMS (helse, miljø og sikkerheit) har vore eit anna hovudfokus i prosjektet.
– Dei aller beste løysingane har vorte utvikla for å sikre trygge og effektive operasjonar, inklusiv eit skreddarsydd modulhandteringssystem (MHS) som er integrert i skipet sin hangar for sikker utsetjing og opphenting av undervassmodular med ei vekt på opptil 70 tonn gjennom moon pool-en, seier Vidar Øvstedal, offshoresjef i Subsea 7.
For å optimalisere samarbeid og kommunikasjon, er alt operasjonsmannskap samla i eitt område vegg i vegg med hangaren, og store vindauge i kontrollromet gir full oversikt over arbeidsareala om bord. Skipet er også utvikla med tanke på å møte dei strengaste krava til arbeidsmiljø, og har komfortklassen COMF-V (3). Gjennom å bruke elektriske vinsjar til mellom anna ROV’ar, MHS og hjelpeutstyr, har ein oppnådd eit lavast mogleg støynivå i hangaren. Vidare er det installert persontransportkorger og utstyrskraner her for å minimere arbeid i høgda og manuell handtering av utstyr. Skipet sitt høge fribord gir også auka tryggleik for dekksmannskapet. I tillegg har fartøyet ein separat boligdel plassert i avstand frå arbeidsområda om bord for å sikre at mannskapet kan kvile mest mogleg uforstyrra.
Miljøomsyn har òg vore viktig i utviklinga av skipet, som ber klassenotasjonen Clean Design. Miljøtiltak omfattar blant anna dieselelektrisk framdrift, som reduserer utslepp til atmosfæren, og elektriske vinsjar som gir nullutslepp av hydraulikkolje.
Omtale av Seven Viking kommer i Maritimt Magasin nr. 2/2013 som er i butikkene 14. februar.
Relaterte artikler
-
Dåp av Viking Neptun i Stavanger
27.02.2015 -
Stavangerfjord døpt i dag
06.06.2013 -
Ulstein leverer ny Viking
30.08.2012 -
Viking Fighter døpt ved STX OSV Brattvaag
23.07.2012 -
Viking Prince bygd av Kleven døpes fredag
21.03.2012 -
Seven Havila døpt i Stavanger
18.03.2011